Hailey Tomine Oksnes Aase og Sunita Sofie Vik tygg i seg skalkar. Det er om å gjera å eta mest!
Hailey Tomine Oksnes Aase og Sunita Sofie Vik tygg i seg skalkar. Det er om å gjera å eta mest!

På handling med Hoppensprett

Hailey Tomine Oksnes Aase og Sunita Sofie Vik tygg i seg skalkar. Det er om å gjera å eta mest! Tekst og foto: May Linn Clement.

– Ho fekk to, og eg fekk berre éin.
Tru det eller ei, det handlar om skalkar frå brødkuttemaskinen på Spar i Bekkjarvik.

Fem andungar i gule vestar er tett på andemor Hege Oksnes når det skal handlast inn til lunsj. Hege les opp frå handlelista på mobilen, og syt for at barna får kvar sine oppgåver. Even Svela Engelsen (5) og Oda Vinnes (5) er vogn-sjefar, og Ronja Haukanes Andersen (4) blir beden om å henta eit Julius-brød.
– Eg vil òg henta Julius-brød, okkar Sunita Sofie Vik (4).
– Det får du lov til, me treng nemleg tre brød til saman, trøystar Hege.
Det er mykje matematikk i ein handletur. Ikkje berre held barna orden på kor mykje dei treng av dei ulike varene, men dei er vel så opptekne av kor mange varer kvar av dei får henta og leggja i handlevogna.

Les heile reportasjen i Marsteinen i dag. Avis kan kjøpast her.