bhg-cover

Maritim jubilant


Tre retters lunsj, lagt opp og servert av barna i Hummarbasen. Musserande leskedrykk i stettglas. Heliumballongar til alle barn. Bekkjarvik FUS feira i går tiårsdagen sin, og det på staseleg vis.

Vivian Veivåg forevigar kaka som Sissel Heimark har baka for høvet.

– I morgon har storebroren min bursdag. Då blir han like gamal som barnehagen, sa ei jente frå Kråkebollebasen like før dei sette seg til bords. Det var dekka til 60 på langbordet i gangen – dei minste åt på førehand, og tok seg ein kvil medan dei store festa. I alt er dei 87 barn i Bekkjarvik maritime FUS barnehage, tre gongar så mange som dei var for ti år sidan. Sju av dagens tilsette, er med frå den tid: Line Stenevik, Katja Djupevåg, Liv Marit Rysjedal, Torill Smedbakken, Inger Halstensen, Wenche Øye og Sigrid Solesvik, styraren.
– Me har vekst og vekst sidan me gjekk frå å vera kommunal til privat, og har i fleire år vore heilt full, med venteliste, fortalde ho. No ser Solesvik fram til å byggja ut barnehagen.
– Entreprenørarbeidet skal byrja snart. Dei 18 yngste barna er i den mellombelse paviljongen, men når me får bygd på, kjem dei òg inn.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa får du kjøpt her.