Nyheter

Kampen om kundane

Det er ein hard batalje om daglegvarekundane etter at Coop etablerte seg på Storebøportalen. På Rema 1000 gler dei seg over konkurransen. På Rema 1000 på Storebø konstaterer butikksjef Tom André Harestad at dei er kringsette av Coop-butikkar. Han seier ikkje nei takk til konkurransen. – Det er nok rett å seia at me er […]

Velvære i sentrum

Hud, ansikt og negler når full merksemd hos kosmetolog Monika Siedlecka (30). I november tok ho over salongen Adora Femme i Storebøportalen. Reine flater, levande lys og avslappande tonar over høgtalarane. Det skal ikkje stå på atmosfæren. – Me har pussa litt opp etter eg kjøpte verksemda. Alt er gjort utanom opningstid, så det har […]

Livet i Bøgarden

Når han uansett ikkje får gå i båt, er det ikkje så viktig for Anders Kolbeinshavn (83) å bu ved sjøen lenger. I Bøgarden har han og kona Turid funne seg godt tilrette. I Odda har dei Murboligen, her har me Bøgarden, komplekset som stod ferdig på Storebø sommaren 2016. Tolv husvære delt på tre […]

Frå måling til impregnering

Svein Ove Rabben gjekk frå oppdrettsbransjen til målingsprodusenten Steen-Hansen. Men spranget er mindre enn du skal tru: Impregneringsstoff til oppdrett er blant kjerneprodukta til bergenfirmaet. Vintersola har teke tak i fabrikk- og administrasjonsbygga til Steen-Hansen på Midtun. I dag skin sola i dobbelt forstand: Det er kaffi og kaker, jamvel te å henta i kantina […]