To ras ved fylkesvegen ved Naustheller gjorde at han vart stengt i omlag fire timar torsdagen. Vegen opna att kring kokka 19. Fyrste steinblokka enda i vegen rundt klokka 13:30, medan den neste eit par timar seinare førte til at vegen vart stengt.
– Me har hatt folk frå vegvesenet oppe i skjeringa, og dei melder om at steinmassene er rørsle, difor er vegen stengt inntil situasjonen er avklart, sa Hans-Petter Bjånesøy i Austevoll brann- og redningsteneste til Marsteinen like etter stenginga.