Om kveita ikkje hadde vore utgytt, ville ho mest truleg ha vegd over 200 kilo, meiner Torstein Halstensen.
Om kveita ikkje hadde vore utgytt, ville ho mest truleg ha vegd over 200 kilo, meiner Torstein Halstensen.

Kjersti klar for Forskar Grand Prix

Kjersti Opstad Strand deltek på Forskar Grand Prix.

Kjersti Opstad Strand deltek på Forskar Grand Prix.

Storebøkvinna Kjersti Opstad Strand konkurrer onsdag med andre forskarar om ha å best mogleg formidlingsevne. Går ho vidare ventar storshow i Grieghallen. Metrologen som for tida jobbar med doktorgraden ved Havforskingsinstituttet, HI, meiner at formidling av forsking er heilt essensielt.

– Samfunnet treng forsking, og då må me klara å formidla det me driv med, seier doktorgradsstudenten ved HI. I denne samanhengen betyr det at deltakarane er vortne coacha av kommunikasjonsekspertar og teaterfolk.

– Det nyttar lite å brenna for faget ditt om du ikkje klarar å formidla det. Eg har sett videoar av meg sjølv når eg har snakka om faget mitt, og då fekk eg sjå at oppfattinga av meg sjølv ikkje er det same som tilhøyrarane ser, seier den sprudlande metrologen. No brukar no meir kroppsspråk og er vorten medviten må kor ho skal setja trykket i setningane for å få fram dei viktige poenga. Innhaldet i presentasjonen er pugga.

– Det viktigaste er å ikkje få hjernteppe, ler Kjersti smått nervøst.

Onsdag er det regional finale, og to i feltet på ti går vidare til den nasjonale finalen i Grieghallen. Opstad Strand innrømmer at ho er langt utanfor den vanlege komfortsona si, men vonar at ho ved å leggja ut om korleis vêr og havstraumar verkar inn på naturen kan rokka ved nokre av dei etablerte sanningane.

– Eg stiller spørsmål om biologien har rett når me analyserer korleis eit oljeutslepp kan verka inn på økosystema i Lofoten, seier ho til Marsteinen.

Arrangementet er eit lekk i Forskningsdagene i Bergen, og om Kjersti går vidare til den nasjonale finalen, venter ein noko lenger presentasjon på laurdag.

Konferansier for den nasjonale finalen er Nadia Hasnaoui, kjent fra NRK.

Fagjuryen i finalen består av debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes, fyrsteamanuensis Marlen Ferrer ved Høgskolen i Oslo og Akershus – òg kjent fra programserien Big Bang på NRK, og ikkje minst skodespelar Hallvard Holmen, framgår det i pressemeldinga frå Universitet i Bergen.

Av Trond Hagenes