Det er ikkje late dagar hos Austevoll rørteknikk. Dei tilsette, her repesentert ved Ole Henrik Hopsdal, Jan Ivar Jørgensen, Pavel Kovalskih og Janek Kerk har gode arbeidsplassar òg etter konkursen i Austevoll Marine Group. Foto: Austevoll rørteknikk.

Flaskar seg for røyrteknikken

Det er ikkje late dagar hos Austevoll rørteknikk. Dei tilsette, her repesentert ved Ole Henrik Hopsdal, Jan Ivar Jørgensen, Pavel Kovalskih og Janek Kerk har gode arbeidsplassar òg etter konkursen i Austevoll Marine Group. Foto: Austevoll rørteknikk.

Austevoll rørteknikk seglar styrka ut frå opphaldet i Austevoll Marine Group. Selskapet i Porsdalen reknar òg med gode synergiar med systerselskapet Austevoll rør.

Dei gjekk inn med tre industrirøyrleggjarar i Austevoll Marine Group. Når Austevoll rørteknikk AS nok ein gong står på eigne bein, er dei 13 tilsette med kundegrupper frå Sveio i sør til Rissa i nord. Dagleg leiar Frode Mikal Vågen er trygg på at marknaden framleis er med dei.

– Me opplevde at kundane hadde veldig tru på Austevoll Marine Group-konseptet, men etter konkursen har me opplevt veldig stor støtte frå dei store kundane våre og merkar at røyrdelen til AMG trass alt var godt forankra i Austevoll rørteknikk, seier Vågen.

Store kundegrupper

Dermed ser det ikkje ut til at det vert noko reduksjon i drifta til selskapet som har retta drifta si mot oppdrettsnæringa, der postsmoltanlegg og anlegg med resirkulering av ferskvatn i settefisksamanheng tek mesteparten av arbeidsmengda. Og kundane kjem frå store delar av Sør- og Midt-Noreg.

– Me sit jamvel på ingeniørkompetanse i tillegg til industrirøyrleggjarane me har flest av, seier Dag Horgen, som er tilsett i 50 prosent i Austevoll rørteknikk og like stor stilling i systerverksemda Austevoll Rør for større prosjekteringsarbeid. Han meiner det er openberre vekslar å henta mellom dei to selskapa.

– I større prosjekt me er i gang med på industrisida, er det òg trong for eit sanitæranlegg. Dermed kan me gjennom dét auka kundegrunnlaget for Austevoll Rør, som hovudsakleg har Austevoll som marknad, i motsetnaden til røyrteknikken som berre har eitt oppdrag under arbeid på heimleg øygruppe for tida, seier Horgen.

Nye tider

Austevoll rørteknikk sine konstruksjonar har ofte PE-plast som hovudkomponentar, men i tillegg til dei store formata, kan det like gjerne vera små røyr ned i reagenskoblestorleik dei arbeider med. Leiarduoen i røyrteknikken fortel vidare at dei får mykje av ettermarknaden etter installasjon av anlegga, der oppdrettsselskapa stadig er på jakt etter forbetringar og auka kapasitet.

– At oppdrettsnæringa er i stor utvikling merkar me godt, seier dei og viser til utvikla med postsmolt, der laksen gjerne vert både 600 og 700 fram før han vert sett i sjøen.

Av Trond Hagenes