M/S "Tjelden" låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.
M/S "Tjelden" låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.

Tredje tysdag utan «Tjelden»

M/S "Tjelden" låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.

M/S «Tjelden» låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.

Så kom den tredje tysdagen på rad, der meldingar tikka inn om at M/S ”Tjelden” er innstilt grunna driftsproblem. Klokka 10.31 kom meldinga om at det er normal drift i sambandet att.

– Det er endå uvisst kva tid det vert drift i sambandet igjen. Me beklagar overfor dei som vert råka av dette, skeiv Ingrid Dreyer i Skyss i ein e-post til Marsteinen på føremiddagen i dag. Ho skreiv vidare at det i fylgje operatøren Norled ikkje den same diagnosen på dei tekniske problema i dag som dei to førre tysdagane. Då var det utgåtte sikringar som gjorde at «Tjelden» ikkje gjekk i ruta si.
– Norled jobbar iherdig med å løysa problemet.
M/S ”Admiralen”, som går mellom Sunnhordland, Austevoll og Bergen, hadde ekstra anløp på Hufthamar klokka 08.58 og seinare innom Møkster og Litlekalsøy for å avhjelpa situasjonen.
I høve kontrakten har Norled tolv timar frist på å setja inn eit alternativt fartøy.
– Når det er tekniske feil, er det økonomiske sanksjonar frå fyrste tur som vert innstilt.
Klokka 10.31 kom SMS om at sambandet er i normal drift att.