M/S "Tjelden" låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.
M/S "Tjelden" låg til kai i Bekkjarvik heile førre tysdag. I dag er båten innstilt for tredje tysdagen på rad. Arvikfoto: Trond Hagenes.

Snøggbåten til kai i heile dag

M/S "Tjelden" er innstilt for andre gong på ei veke. I dag har ikkje snøggbåten kome seg frå kai i Bekkjarvik. Foto: Trond Hagenes.

M/S «Tjelden» er innstilt for andre gong på ei veke. I dag har ikkje snøggbåten kome seg frå kai i Bekkjarvik. Foto: Trond Hagenes.

Snøggbåten M/S ”Tjelden” har grunna startproblem ikkje gått ein einaste av avgangane sine i dag.
– Det er veldig frustrerande, seier kaptein Yngve Kjellevold.

Ein gåen sikring er grunnen til at M/S ”Tjelden” ikkje fekk start i dag tidleg, og har lege til kai i Bekkjarvik heile dag.
– Me sit og venter på ein ny sikring som må koma frå Bergen. Det er veldig frustrerande at både arbeidarar ikkje kjem seg til jobb, og ungdomsskuleelevane frå Møkster ikkje kjem til skulen. Det er ikkje slik me vil ha det, seier kaptein Yngve Kjellevold til Marsteinen. Førre tysdag kom det òg varsel frå Norled om at snøggbåten leid av tekniske problem. Då var det sikringa på motsett sida av i dag som tok kvelden.

Reservebåt i Hardanger
Marit Blom Berntsen bur på Litlekalsøy, og arbeidar ved pleie- og omsorgssenteret på Storebø. I dag hadde ho lukkelegvis fri, men førre tysdag stod ho på kaien og skulle på arbeid då meldingane om innstilt båt tikka inn. Saman med ho var ein reisande som skulle rekkja eit fly til Polen.
– Me er heilt avhengige av båten, dette er den éine vegen me har. Det som ergrar meg mest, er at det ikkje kjem inn ein reservebåt i ruta, slik det var før. Då venta me gjerne ti-femten minutt, så kom ein annan båt og henta oss. No har eg kjensla av at det ikkje er så farlig med oss som bur her ute, seier Blom Berntsen til Marsteinen.
Kaptein Kjellevold kjenner på ergringa til dei reisande.
– Reservebåten vår, ”Tedno”, går no i faste sommarruter i Hardanger, seier han, og slår nok ein gong fast at situasjonen er frustrerande for mannskapet.

May Linn Clement