Lastebil

Lastebil i Grøfta

Lastebil

Ein lastebil velta langs vegen på Storebø i 14-tida på måndag. No vert det arbeidd med å helda styr på trafikken og få orden på forholda.

 

Politiet er til stades og informerar om hendinga.

– Det som har skjedd er at bilen har køyrd i grøfta ved passering. Vegen gav etter slik at han fall. Det er heldigvis ingen personskadar, fortel politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt i det han kontrollerer trafikken for å halde den under kontroll.

Brannvesenet er òg på staden for å sikra brennbare stoff, og for så å få lastebilen på vegen att.

– Me lyt høyra med brannvesenet om prosedyren, men det blir nok ein kranbil som må til for å få løfta køyretøyet opp att, fortel Mjåtvedt til lokalavisa.

Av: Ida Camilla Jarnes