Person funnen etter leiteaksjon på Selbjørn

Ein mann i 40-åra vart funnen i god hald kring midnatt, etter at han fyrst vart meldt sakna etter at han ikkje kom heim frå joggetur i Nordsjøløypa på Stolmen på kvelden påskeaftan, melde Bergens Tidende. Det vart sett inn relativt store redningsstyrker i søket etter mannen. Mannen vart funnen i ei hytte i Hotvik på Selbjørn, og kald og våt.

– Me var sju menn frå brannvesenet og to politifolk som gjennomsøkte Nordsjøløypa i mørket under krevjande vêrforhold. Mannen vart hjelpt ut frå Hotvika av ein ekvipasje frå Norsk lavinehundklubb, fortel brannsjef John Levi Weløy til Marsteinen.