Politiske bråttsjøar om skuen på Møkster.
Politiske bråttsjøar om skuen på Møkster.

– Legg ned Møkster-samfunnet

Politiske bråttsjøar om skuen på Møkster.

Politiske bråttsjøar om skulen på Møkster.

Helge André Njåstad (Frp) meiner at ein i praksis legg ned busettinga på Møkster om ein tek frå dei skulen, slik rådmannen føreslår. I dag vert saka politisk drøfta i formannskapet.

Tidlegare ordførar og noverande medlem av formannskapet i Austevoll, Helge André Njåstad (Frp), synest det er ille at nedlegging av skulen på Møkster står på den politiske agendaen.

– På mi vakt som ordførar var eg krystallklar på at nedlegging av skulen på Møkster ikkje skulle komma på bordet. Berre det å diskutera det, gjev grobotn for ein negativitet og sporar til pessimisme, seier Njåstad. Han poengterer at dersom ein ser verdien i ulike bumønster og vil ta vare på distrikta, må skulane på stadar som Møkster bli verande.

– Det er slett ikkje noko nytt at rådmenn vil diskutera skulenedlegging på Møkster. Det nye er no at me har ein ordførar i Morten Storebø, som etter å ha vore på besøk på øya tingar sak om nedlegging av skulen. Då eg og Edvard Johannes Stangeland (Sp) besøkte øya, kom me attende med eit ynskje om å sikra busetnaden ved å investera i prøvebustadar, seier Njåstad til Marsteinen.

Ordførar Morten Storebø (H) understrekar på si side at verken han eller partiet hans har sett to strekar under svaret om Møkster-skulen si framtid.

– Det er fleire om syn som må takast og øya har mange kvalitetar me er glade i. Etter at eg er vorte ordførar har eg vore på øya to gongar, og vorte veldig imponert over øyfolket og pågangsmotet deira, seier Storebø, som synest at det er merkeleg at Framstegspartiet som har fasilitert nedlegginga av to andre skular i førre periode i denne saka framstår som særs så høge og mørke.

– Dette er klassisk politisk spel frå Helge André, kontrar ordførar Storebø.

Skuleskyssen

Trass i at rådmannen i saksframlegget sitt understrekar at barna som skal med rutebåten frå Møkster til Storebø, vil få fylgje til og frå skulen av assistent, meiner opposisjonspolitikar Njåstad at eit vedtak om å stengja skulen vil føra med seg Møkster-samfunnet sin død.

– Møkstrafjorden i all slags vêr, kan ikkje samanliknast med noko som helst skuleskyss langs vegen. Eg er ikkje i tvil om at ei nedlegging av skulen vil resultera i at Møkster vert avfolka, konkluderer Njåstad.

Magne Myrvoll, som saman med familien har vore busett på Møkster sidan hausten 2014, har skrive eit langt brev til formannskapet der han peikar på kva nedlegging og trugsmålet om nedlegging har å seia for framtida til øya. Dersom skulen på øya hadde vorte politisk freda, ville Myrvolls to stebarn gått på skulen – i dag pendlar dei i staden til Fana saman med mora, medan han sjølv har to barn som ville ha byrja på Møkster skule, dersom framtida til skulen hadde vore trygg. I tillegg hevdar Myrvoll at han kjenner ein barnefamilie som ville flytta ut, dersom skuleframtida var stabil, i tillegg til at syster hans vurderte å etablera seg på øya vest i havgapet.

– Dermed har Austevoll kommune mista minst seks barn fordi dei ikkje fredar skulen, i det minste for ein føreseieleg periode, skriv Magne Myrvoll.

Vil ikkje oppretthalda drifta

Arbeidarpartiet, som saman med alliansepartnar Høgre har fleirtal i kommunestyresalen, meiner at Møkster skule ikkje er liv laga.

– Saksutgreiinga til rådmannen viser at det er vanskeleg å forsvara vidare drift av Møkster skule. Hovudsakleg grunna både det pedagogiske og sosiale miljøet blir for lite og sårbart for elevane, og grunna dei prognosane som ligg for elevtal i åra som kjem. Me meiner rådmannen sitt forslag til skyss er forsvarlig, når det er lagt inn ein fylgjeperson til barna. Me vil likevel bruka tida fram mot kommunestyremøtet 17. mars til å så godt som mogleg få belyst fleire sider av saka, før me konkluderer endelig. Det er viktig for oss at alle blir høyrte, skriv Inga Margrethe Fagerbakke til lokalavisa.

Høgre har enno ikkje konkludert i saka, og gruppeleiar Liv Bente Storebø karakteriserer saka som vanskeleg, og ynskjer å leggja skuleframtida til øya ut på høyring. For det største partiet i kommunestyret er elevprognosar og kostnaden med å få helseverngodkjent skulen det viktigaste.

­– Møkstrafolket er klar på at legg me ned skulen avfolkar me øya, samstundes er me klar over at me ikke gjer noko vondt ovanfor elevane ved å flytta dei til eit større miljø, skulevegen blir og trygg. Ingen skal ta frå Møkstringane engasjementet dei har for å skape liv på øya, det er berre imponerande, men dei får desverre ingen fleire til å busette seg der likevel, ungane som går på skulen der i dag kjem frå to familiar.

Av Trond Hagenes