"Skandi Hercules" eit eit av subsea-skipa til DOF-konsernet, som trass i ein vanskeleg marknad gjer det godt for tida.
"Skandi Hercules" eit eit av subsea-skipa til DOF-konsernet, som trass i ein vanskeleg marknad gjer det godt for tida.

Rett kurs i opprørt hav

"Skandi Hercules" eit eit av subsea-skipa til DOF-konsernet, som trass i ein vanskeleg marknad gjer det godt for tida.

«Skandi Hercules» eit eit av subsea-skipa til DOF-konsernet, som trass i ein vanskeleg marknad gjer det godt for tida. Foto: DOF ASA.

Marknaden er vanskeleg for DOF-konsernet. Satsinga på langsiktige avtaler, sin eigen globale organisasjon og ein fleksibel flåte gjer at økonomidirektør Hilde Drønen har trua på at dei står av stormen.

Ho har aldri opplevd liknande marknadar, CFO Hilde Drønen i DOF. Etterspurnaden for skipa og tenestene som konsernet tilbyr har skrumpa kraftig inn i takt med fallet i oljeprisen.

– Me må arbeida dobbelt så hardt for å sikra oss nye kontraktar no, men har samstundes ein ordreserve på om lag 34 milliardar kroner, konstaterer økonomidirektøren.

Medan mange reiarlag har skumma fløyten på spot-marknaden då bølgetoppane på marknaden var som høgast, og har måtta leggja skip i opplag når bølgedalen var eit faktum, har DOF få av skipa sine i opplag. Fleire skip er selde, og i all hovudsak slik at dei ikkje kjem innatt på marknaden som konkurrentar til dei sjølve. Ved årsskiftet er berre eitt av dei 68 skipa i flåten lagt i bøyen.

Resten av saka finn du på papir eller PDF i dag.