Øystein Fammestad og Vinnesvåg velforening ynskjer velkomen til snøpakka løyper i kveld.
Øystein Fammestad og Vinnesvåg velforening ynskjer velkomen til snøpakka løyper i kveld.

Inviterer til skirenn

Øystein Fammestad og Vinnesvåg velforening ynskjer velkomen til snøpakka løyper i kveld.

Øystein Fammestad og Vinnesvåg velforening ynskjer velkomen til snøpakka løyper i kveld.

Det er slett ikkje kvar dag det er skirenn på øyane. Øystein Fammmestad og resten av gjengen i velforeininga i Vinnesvågen inviterer til løp i kveld.

Kong Vinter mistar straks grepet om Austevoll-naturen, i alle høve om me skal tru vêrvarslinga. Før gradestokken går på den raude sida, har du i alle høve sjanse til å ta utfordringa frå Vinnesvåg velforening.

– Me har hatt lyst til å arrangera skirenn her heilt sidan løypa kring Vinnesvatnet vart laga. Men forholda har late venta på seg. Heilt til no, seier Øystein Fammestad, for høvet kledd i tøysedressen sin, som har vore med på mangt eit sosialt arrangement.

Likevel er det høve både for racerar og reine mosjonistar til å vera med på det vesle rennet òg. Barna vil gå fyrst, deretter i puljar alt etter kor mange rundar ein vil gå. Det vert jamvel eit lite målområde, og Øystein lovar varm drikke på Stadion.

Så står det att å sjå om det vert femmilsstemning kring vatnet. Om det skulle røyna på, kan ein like godt ta seg ein pust i bakken på Grønland og i ettertid skryta over noko med Nansen og dei store karane.