Informasjonsmøte om Kolbeinsvik montessoriskule

I kveld blir det informasjonsmøte om den planlagde privatskulen i Kolbeinsvik.

Styret i foreininga Kolbeinsvik montessoriskule inviterer interesserte føresette til orienteringsmøte i gymsalen på skulen i kveld, torsdag. Styreleiar i foreininga, Camilla Hagebø Solbakken, seier dei vender seg til alle interesserte i Austevoll kommune.

Tidlegare rektor og lærar Asbjørg Aasebø seier til Marsteinen at dette er noko nytt for Austevoll, med ein spanande pedagogikk. Ho meiner at denne skulen vil gje den offentlege skulen i Austevoll skikkeleg god konkurranse når det gjeld kvalitet.

I kveld vil foreldre og føresette få den informasjonen dei treng for å avgjera om dei vil søkja plass for sine barn på montessoriskulen. Søknadsfristen er sett til 20. februar. Skulen må ha minimum 15 born for å kunna starta opp, og er godkjend for opp til 53 elevar.

– Så snart me veit kor mange elevar me får, vil me gå i gang med å lysa ut lærarstillingar og rektorstilling, seier Camilla Hagebø Solbakken, som vonar skulen kan starta opp til hausten.