UKM 2016 heldt lista oppe.
UKM 2016 heldt lista oppe.

Høg list på kulturmønstringa

UKM 2016 heldt lista oppe.

UKM 2016 heldt lista oppe. Constance Wessel med bassgitaren.

Ein sterk film, fleire nydelege songinnslag, sjølvskriven tekst og teikningar med sjel, sytte for at årets UKM var av særs høgt nivå.

Heile 12 flotte deltakar, torde og ville stå på scena og visa det dei hadde førebudd på til mønstringa, som er for unge mellom 10 og 20 år. Humorglade Erlend Møgster var årets konferansier og såg til at for at publikum fekk seg både ein latter innimellom, men også eit overblikk over kven og kva deltakrane skulle gjera.

Trygge entertainerar

Fyrst ut var Tuva Sæle (11) som sjølvsikker og trygg entra scena og framsynte songen What Are Words av songaren Chris Medina. Malin Torsvik (10) som for fyrste gong deltok på UKM var særs spent på førehand, men i det ho greip mikrofonen var det som om ho hadde stått framfor publikum i ein mannsalder, rett og slett nydeleg. Songen Let it go, passa ho perfekt, då ho både fekk vist fram utstrålinga hennar, men samt stemma som er særs vakker. Ei anna ung jente, nemleg Constanse Wessel (11) song og spelte vakre tonar. Ho hadde skreve teksten Den mystiske jenta sjølv, medan far hennar hadde komponert melodien. Kontrollen ho hadde over bassen og samspelet mellom melodien og teksten var rett og slett utrulig flott å høyre på. Ei framsyning som var spesiell, spanande og som skilte seg litt ut i frå mengda, vakkert!

Meir om UKM får du naturlegvis i avisa til veka.

Tekst/Foto: Severin Tøkje.