Nyheter

Høg list på kulturmønstringa

Ein sterk film, fleire nydelege songinnslag, sjølvskriven tekst og teikningar med sjel, sytte for at årets UKM var av særs høgt nivå. Heile 12 flotte deltakar, torde og ville stå på scena og visa det dei hadde førebudd på til mønstringa, som er for unge mellom 10 og 20 år. Humorglade Erlend Møgster var årets […]

Ferja går til og frå Austevollshella

Reisande må belaga seg på at ferja som normalt skulle gått frå Hufthamar, i staden går frå Austevollshella frå klokka 14, melder reiarlaget FosenNamsos. Snøggbåten til øyane er òg innstillt resten av dagen. Sunnhordlandsruta er òg innstilt.

Hanne eit stykke bak

Med tida 39,92 kom Hanne Haugland eit stykke bak dei beste under verdscupstemnet på skeiser fredag føremiddag. Under dagens lågtrykk ute i havet var det lova toppforhold i Sørmarka Arena. Men Hanne måtte nøya seg med tida 39,92 i andre par. Det heldt til 21.-plass i B-gruppa, som blei vunnen av japanske Miho Takagi frå […]

Informasjonsmøte om Kolbeinsvik montessoriskule

I kveld blir det informasjonsmøte om den planlagde privatskulen i Kolbeinsvik. Styret i foreininga Kolbeinsvik montessoriskule inviterer interesserte føresette til orienteringsmøte i gymsalen på skulen i kveld, torsdag. Styreleiar i foreininga, Camilla Hagebø Solbakken, seier dei vender seg til alle interesserte i Austevoll kommune. Tidlegare rektor og lærar Asbjørg Aasebø seier til Marsteinen at dette er […]

Nyetablering på Storebø

Rema 1000 på Sentrumsbygg og Coop Extra på Eidsbøen får seg i haust ein ny konkurrent, når Coop flyttar inn med ein ny butikk på Storebøportalen. 

Symjarane imponerte på stemne

Sju jenter frå Austevoll idrettsklubb si symjegruppe deltok førre helg på symjestemne på Askøy. Samla fekk dei fekk med seg heile 25 medaljar heimatt.

Meir knark uroar lensmann Nordstrand

Lensmann Per Nordstrand opplever ein auke i narkotikarelaterte saker i kommunen. Sjølv om mykje er cannabis, er det òg heroin og amfetamin med i biletet.

Med OL-ringar på CV’en.

Det nærmar seg med raske steg, Youth Olympic Games i Lillehammer. To austevollingar er med og syt for at arrangementet går å skjener. På idrettsbanen står dei i frosten, Nikolai Medle Bjånesøy og Jeanette Heggen. Vinteren kom brått. Duoen har både fått æra og ansvaret for å gjera at Ungdoms-OL som går av stabelen 12. […]

Bronse til Hanne

Med tidene 39,78 og 39,74 vart det bronse på 500-meter for Hanne Haugland under NM i einskilddistansar i kveld. Gullet gjekk til Martine Ripsrud med 39,46 og 39,52 med Hege Bøkko like bak med tidene 39,49 og 39,66.

Eigenomtale/reklame: Vart støtta av Sparebanken

Sogeskrivarane Finn Dyngvold (t.v.) og Trond Hagenes fekk tildelt 20 000 kroner av Ragnhild H. Bjånesøy. Foto: Annicke Sivertsen/Austevoll historielag. Fekk Visjon Vest-midlar: Sogeskrivarane Finn Dyngvold og Marsteinen-redaktør Trond Hagenes vart under foredraget sitt om boka «Eit lite øysamfunn i Den store krigen» tildelt midlar frå Sparebanken Vest sitt Visjon Vest-fond. Utdelinga skjedde på eit […]

Jubileumsfeiring for Austevoll kyrkje

Denne helga feirar Austevoll kyrkje 125-årsjubileum, og kyrkjelyden markerer det med stor gospelkonsert laurdagskvelden, og sundagen blir det festgudsteneste og festmiddag.

Inviterer til skirenn

Det er slett ikkje kvar dag det er skirenn på øyane. Øystein Fammmestad og resten av gjengen i velforeininga i Vinnesvågen inviterer til løp i kveld. Kong Vinter mistar straks grepet om Austevoll-naturen, i alle høve om me skal tru vêrvarslinga. Før gradestokken går på den raude sida, har du i alle høve sjanse til […]

Halldor scora for Noreg

Halldor Stenevik var både kaptein og målscorar då Noreg spelte 1-1 mot Tjekkia i Tyrkia i dag. Høgdepunkt frå Det tyrkiske fotballforbundet.

Hanne kasta inn handkledet

Kraftige 17 minusgrader og ein kropp som ikkje spelte på lag, gjorde at Hanne Haugland trekte seg frå NM-sprint etter gjennomført 500-meter. – Eg trekte meg frå resten av mesterskapet etter samtale med trenar. Skal på vidare sjekk på mandag etter hendinga i førre veke, seier Hanne Haugland og refererer til eit illebefinnande, som resulterte i […]

Gull til foreningane

Grasrotandelen har mykje å seia for velforeningane og idrettslaga i Austevoll. I fjor enda mange hundretusen kroner på kontoane til lag og organisasjonar på øyane.

Fleire usikre kort for A-laget til AIK

Det er ikkje berre trenarkabalen som treng å gå opp for oransjetrøyene berre nokre månadar før sesongstart. Kven som skal stå i mål og kvar eigne nettkjenningar skal komma frå, gjenstår enno å sjå.

Fiskeriforvaltninga treng kursendring

Havforskingsinstituttet må ta innover seg at forvaksne pelagiske bestandar gjev ubalanse i økosystema i havet, meiner havforskar Jens Christian Holst. No vil han byggja bru mellom forskinga og fiskarane. ”Harvest” og ”Hardhaus” er blant båtane som har samla inn data til det som har fått namnet Pelagisk dugnad, som er fiskarane sin eigen innsats for […]

Moro på skeiser

Marsteinen var med då småtrinnet på Storebø skule pakka tursekken og satte kursen mot isen på Fiskevatnet. Emilia Hevrøy Storebø og Amalia Olsson Bjånes ladar batteria. Å øva på piruettar kan vera slitsamt.

Anboda: Lettar på ferjesløret

Fylkeskommunen er straks i gang med den politiske handsaminga av konkurransegrunnlaget for ferjedrifta til og frå Austevoll. Sakspapira presenterer ambisjonar på miljøfeltet. Denne veka kjem grunnlaget for konkurransegrunnlaget for ferjedrifta på mellom anna Hufthamar–Krokeide og Husavik–Sandvikvåg opp på fylkespolitikarane sitt bord. Miljø og samferdsleutvalet får administrasjonen si vurdering kva kostnadar krava til miljøvenleg drift kan […]

– Har ikkje sjekka isen

– Me kan slett ikkje gå god for at det er trygt og ferdast på nokre av vatn i Austevoll, seier leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen, Olav Jarnes til Marsteinen. Han er uroa over ei rekkje meldingar på sosiale medium om at isen på vatna er tjukk nok. – Dette er noko […]

Heider til Gro

Austevollingen Gro van der Meeren er tildelt Havforskingsinstituttet sin formidlarpris. Forskaren, som særleg er kjent for kompetansen sin på skaldyr og økosystembasert havbruksforvaltning, fekk overrekt diplom og blomar frå administrerande direktør Sissel Rogne og kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft. Juryen har bestått av eksterne aktørar:  Ole Magnus Rapp (journalist i Aftenposten, Nordlys o.a.), Kjersti Sandvik (journalist i Fiskeribladet […]

Ny overbrannmeister i kommunen

Etter å ha jobba mange år som beredskapsleiar har Hans Petter Bjånesøy fått ny tittel, og hadde denne veka sin fyrste arbeidsdag som overbrannmeister i Austevoll brann- og redningsteneste.

Gode på å levera til Austevoll

På Fitjar mekaniske verkstad er desse karane travelt opptekne med arbeid for kundar i Austevoll – og andre stadar langs kysten. Les reportasje i avisa i dag!

Rett kurs i opprørt hav

Marknaden er vanskeleg for DOF-konsernet. Satsinga på langsiktige avtaler, sin eigen globale organisasjon og ein fleksibel flåte gjer at økonomidirektør Hilde Drønen har trua på at dei står av stormen. Ho har aldri opplevd liknande marknadar, CFO Hilde Drønen i DOF. Etterspurnaden for skipa og tenestene som konsernet tilbyr har skrumpa kraftig inn i takt […]