Nyheter

Kommunevalet: Rune er ordførarkandidat

Rune Fagerbakke vert Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet i haust. Med seg i toppen på lista har han Anja Heggholmen, Ketil Helland og Isabell Halstensen Heggen. – Å stogga privatiseringa er noko av det me har høgast på agendaen, seier Fagerbakke, og legg samstundes til at lokalpartiet er tidleg i programarbeidet sitt. – Me ynskjer […]

Byggjer på land

North Sea Shipping strekkjer kjølen på eit nybygg. Denne gongen vert nybygget fast forankra til landjorda, og skal husa den stadig veksande administrasjonen til selskapet. Med maritime linjer og plass til stadig fleire tilsette på land, legg North Sea Shipping opp til ein alle tiders julepresang til seg sjølv og dei tilsette på landsida i […]

Identitet og helse

Gutane på Austevoll ungdomsskule skal ikkje verta stereotypiske mannfolk, som skal bera heile verdas vanskar på eigen rygg. I alle høve ikkje om helsesyter Janniche Kvant Rogde får vilja si. Marsteinen vitja den fyrste gutekonferansen i Austevollshallen.

Døra på gløtt

XL Bygg Austevoll har så smått byrja å ta i mot kundar i nybygget sitt i Porsdalen, og allereie er no kundeopplevinga eit godt løft frå dei gamle areala.

Opna for nyfikne

Ann-Elen Waage Drivenes fekk endeleg tid til å visa fram den nye barnehagen på Prestaneset. Med bassengrom, mobil hinderløype og rikeleg med plass for barna å boltra seg på, er det godt dei òg er utstyrte med eit eige rom for å pleia sansane.