Nyheter

Store delar har fått att straumen

I fylgje Hege Lauvik i Austevoll kraftlag er det berre nordre delar av Huftarøy og garden Austevoll på Hundvåkøy som enno ikkje har fått att elektrisiteten sundag kl 15:30. På Rostøy har eit fiskefartøy gått ned ved kai. Gje Marsteinen tips via Facebook-sida vår, e-post til redaksjonen@marsteinen.no eller SMS til 98874 253 om skadar frå […]

EKSREMVÊRET NINA: Melding frå naudetatane

I samband med det pågåande ekstremvêret vil politiet og dei andre naudetatane komma med litt informasjon. I utgangspunktet er det dei vanlege naudnumra som skal nyttast. Når slikt vêr herjar hender det at straumen vert borte, samband/telefoni fungerer ikkje, bruer og vegar vert stengde, osv. Dersom ein slik akutt situasjon oppstår, og t.d. ein ikkje […]

Stoggar betalinga for b-ferja på dagen

Austevoll kommune og næringslivet som i spleiselag har delfinansiert drifta av b-ferja mellom Hufthamar og Krokeide set ned foten. I dag har ordføraren sendt brev til fylkeskommunen der ho stoggar desse utbetalingane på dagen. Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) rasar etter at administrasjonen i Hordaland fylkeskommune ved samferdsleselskapet Skyss har vedteke å nytta opsjonen med […]

Fosen til 2018

Fylkeskommunen har vedteke å nytta seg av opsjonen om forlenging av kontrakten på ferjesambanda i Austevoll. Det betyr at FosenNamsos Sjø AS skal stå for ferjetrafikken til og frå Austevoll fram til 2018. Nyhenda sjokkerer ordførar Renate Møgster Klepsvik.

Låg kronekurs positivt for sjømatnæringane

Både for fiskeri og havbruk er låg kronekurs, som kjem i kjølvatnet av krakket i oljeprisen, gode nyhende. Denne veka sakk oljeprisen under 50 dollar fatet, og den norske krona har svekka seg markant mot både amerikanske dollar og euro sidan det dramatiske fallet. Medan delar av det lokale næringslivet har retta aktiviteten sin mot […]

Kattungesteg i rette retninga

Etter raida til Dyrebeskyttelsen Norge i haust, der eit 20-tals villkattar vart samla opp og køyrte til veterinær, har ein handfull fått seg ny heim, og den lokale dyrlegen kjenner auka pågang. Tre kattungar døydde til slutt, trass i akutt medisinsk handsaming for mellom anna lungesvikt, og tre overlevde med god helse. I tillegg kjem […]

Heider til oransjetrøyene

Fotball: G16-laget til Austevoll har fått krinsen si utmerking for god sportsånd, eller fair play som fotballverda kallar det. Inspirerande, synest spelarane. Trenar Kurt Hage er naturlegvis stolt av laget sitt, som altså vart plukka ut blant alle laga i fotballkrinsen. Sjølv har han trena laget i to år, og er full av lovord om […]

Vil stå for underhaldinga

Denne veka kan du lesa om Nora Madsen Storebø (15) på Marsteinen si nye ungdomsside. Nora ynskjer ei framtid innan medieverda, og nyttar enn så lenge mobiltelefonen sin som kamera. Har du forslag til kva den nye ungdomssida vår skal heite? Tips journalist Marius Løbø Fimland på telefon 55 08 21 04, eller send ein […]

Kom i land etter ni timar

Ordføraren meiner austevollingane fortener betre. Administrerande direktør i Fosen Namsos seier det ikkje er unormalt mykje problem med M/F «Trondheim». 48 passasjerar var om bord i M/F «Trondheim» ved 20.20-avgangen frå Krokeide måndagskvelden. Klokka 20.34 fekk ferja motorstogg, og ikkje før over ni timar seinare, klokka 05.55, kom ho til kai ved Austevollshella, etter hjelp […]

Knut K. Kalvenes er død

Knut K. Kalvenes er død, 78 år gamal. Skipperen, samfunnsbyggjaren og Høgre-politikaren døydde på Austevoll pleie- og omsorgssenter natt til måndag. Kalvenes var ordførar i Austevoll kommune frå 1982-1985.