Nyheter

Strekte sverd mot Lyngbø

Austevollherrane var nestbest i alle spelet sine fasar då dei tok i mot Lyngbø torsdagskvelden. Sluttresultatet på 0-2 gav eit heilt rettvist bilete av kampen. Tord Heggestad og kompani klarte knapt å testa Edvard Larsen i Lyngbø-målet i løpet av kampen, medan det vart mykje for AIK sitt midtstopparpar å ta tak i. AIK var […]

Omveltingar hos Kalvenes

Gravinga er i gang ved handelsklynga på Eidsbøen. Nye drivstoffpumper med Uno-X-logo, ut med snøggmat – men inn med thai – og ny kjede på Rimi er nokre av hovudpunkta.

Fotballen er rund

Om det er vått og sleipt på kunstgraset, set det ingen stoggar for entusiasmen når dei aller yngste fotballsparkarane er samla til dyst. Bli med på Austevollserien.

Sommar i sanden

Kamilla Dale (23) er kome heim til foreldra og dyra i Eido for sommaren, men legg ikkje volleyballen på hylla av den grunn. No byrjar nemleg sandvolleyballsesongen.

Brenn for ungdom

Han har tidlegare spelt basket i den norske eliteserien, og arbeidde lenge med å få ungdom vekk frå streke rusmidlar. Møt assisterande rektor ved Austevoll vidaregåande skule, Ulrik Schütz, i spalta Pendlaren.

AIK-siger i Arna

Austevoll fekk med seg tre nye poeng etter 3-0 på framand gras i Arna måndagskvelden. Kvitrøyene (!) tok leiinga allereie i det andre minuttet ved Tord Harald Skår, før Heggestad sette eitt mål på kvar side av kvila. Dermed ein på papiret solid siger. Gamletrenar Øyvind Pedersen meiner laget enno har meir å gå på. […]

Bruhåp frå regjeringa

Bru kan erstatta ferjer – òg på fylkesvegssambanda. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) signaliserer nye reglar frå og med neste år. Høgre sitt landsmøte sende eit par rett så smakfulle karamellar i retning Austevoll i helga. Kanskje viktigast var det Jan Tore Sanner i tala si til delegatane slo fast at innsparde ferjesubsidiar på fylkesvegsferjer […]