Nyheter

Seglbåt i havsnaud 50 nm utanfor Marstein

– Båten ligg 47,7 nautiske mil vest av Marsteinboen. Me har to redninsghelikopter på veg – eitt frå Florø og eitt frå Sola. Det første reknar me med skal vera framme klokka 20.57. Fartøya i nærleiken har nok for røffe forhold, men  gjer det dei kan, seier Asle Viste, redningsleiar ved Hovedredningssentralen til Marsteinen. Lokalavisa […]

Journalistspira

Niandeklassingane i Austevoll har hatt arbeidsveke dei siste dagane. Maren Rivenes Vik (14) har vore journalist i Marsteinen, noko som etter sigande var kjekkare enn ho hadde sett føre seg. – Eg trudde eg berre skulle vera med dykk rundt på oppdrag, men fekk allereie fyrste dagen dra på oppdrag sjølv, seier Maren. Ho er […]

Sa frå seg leiarrolla

Tom Johnson har sagt frå seg rolla som leiar for samanslåingsprosessane mellom Kolbeinsvik og Selbjørn skule. I artikkelen på side 2 i avisa denne veka, står det at Tom Johnson er leiar for arbeidsgruppa for ein privat skule i bygda. Dette er feil.Rektor Johnson var leiar av gruppa for samanslåingsprosessen mellom skulane i Kolbeinsvik og […]

Klagar på vedtaket i skulesaka

27 foreldre krev at det siste vedtaket i skulesaka vert underkjend, og at vedtaket i sak 005/15 frå februar vert ståande. Dette kjem fram i ei klage som vart sendt til administrasjonen og kommunestyrepolitikarane i Austevoll kommune i går kveld. E-brevet vart òg sendt til Fylkesmannen og Sivilombodsmannen.

Livet med og utan Olve

– Tapet av Olve vil gjera vondt for resten av livet mitt. Men større enn denne smerta, er kjærleiken. Eg er så uendeleg takksam for at eg fekk vera mor til Olve, seier Torill Otterskred. Ein haustdag i 2012 døydde 24-åringen hennar i ein overdose. Torill Otterskred er portrettert i Marsteinen sitt påskenummer.

… og når liene grønkar som hagar

Vårsola lokkar ein vintervalen lekam ut på tur. Og ein treng verken Myrkdalen eller Kvamskogen for å gjera seg fortent til ein tursjokolade og ei appelsin. I avisa kan du bli med redaktøren på tur til den gamle husmannsplassen Hottvik på Selbjørn. I området har Marsteinen lagt ut ein geocache.

Kvalitetsstempel til dei oransje

Fotballgruppa i Austevoll idrettsklubb har fått kvalitetsstempel av krinsen, som berre den tredje klubben i fylket. Idrettsklubben fekk denne veka det endelege provet på at dei er sertifisert som ein kvalitetsklubb av Noregs fotballforbund. Klubben hadde invitert leiarar, spelarar og fotballvener til markeringa, der det mellom anna vanka godord frå fotballkrinsen sin styreleiar Tore-Christian Gjelsvik.– […]

Oppheva vedtak i skulesaka

SKULESAKA: Eit brev frå ein forelder sendt til den politiske leiinga i går, samt fleire telefonar frå andre, skal ha vore grunnen til at skulesaka igjen hamna hos kommunestyret.