Knut Fagerbakka har takka for seg i bypolitikken i Trondheim. Ho er det fylkestinget og ny jobb ved universitetet som gjeld.
Knut Fagerbakka har takka for seg i bypolitikken i Trondheim. Ho er det fylkestinget og ny jobb ved universitetet som gjeld.

Trønderen frå Fagerbakke

Knut Fagerbakka har takka for seg i bypolitikken i Trondheim. Ho er det fylkestinget og ny jobb ved universitetet som gjeld.

Knut Fagerbakka har takka for seg i bypolitikken i Trondheim. Ho er det fylkestinget og ny jobb ved universitetet som gjeld.

Kontoret er rydda. Siste bystyremøte unnagjort. SV-aren Knut Fagerbakke (63) troppar torsdag 19. oktober av som varaordførar i Trondheim etter tre periodar.

Etter tolv år er det nok. Knut Fagerbakke har pakka bøker og pyntesaker ned i esker. Han kjende det var på tide. 16 år som lokalpolitikar i Noregs tredje største by, og trekvart av dei som varaordførar, metta austevollingen.

– Du kan ikkje sleppa ned guarden ein einaste dag. Du må alltid fylgja med, seier Knut Fagerbakke. Den einaste gongen han ikkje har svart på spørsmål frå Adresseavisa, var då dei ville ha ein kommentar om eit krematorium som vart bygd med altfor smale dører: Kistene kom ikkje inn.

Han er tvillingbror til Magnus, den lokale NAV-leiaren, og fødd og oppvaksen i Fagerbakke på Selbjørn. Det var i oppveksten den politiske gnisten vart tend. Silda var borte, mange sleit økonomisk.

– Eg såg kor lite mange kring oss hadde å klara seg med. Me hadde heller inga overflod, spesielt ikkje etter det dramatiske forliset til familien sin fiskebåt ”Skomvær” i 1966. Samstundes var det andre som hadde utruleg mykje å rutta med. Denne ubalansen var starten, forklarar sosialisten til Marsteinen.

Barn og samferdsle

I tredjeetasjen i rådhuset, med kontoret kledeleg på hjørna av bygget, der haustgule eikelauv heng på overtid på trea utanfor, sit varaordføraren avslappa og attendelena i ein av dei grøne lenestolane på kontoret sitt.

– Eg merkar hardkøyret, trass alt er eg vorte 63 år. Kanskje eg ikkje kjenner den same gnisten som tidlegare? undrar politikarveteranen.

Likevel er det ikkje noko slagen mann som forlet det terrakottafarga rådhuset like ved Nidarosdomen denne veka. Han ser attende på ei rekkje tiltak der politikken dei raudgrøne i byen saman har gjennomført. 16 nedslitne, forfalne skular er erstatta med nye. På tre år klarte dei å sikra full barnehagedekning.

– 80 nye barnehagar der folk bur, slik at innbyggjarane slepp å køyra byen rundt for å levera og henta barna, dette er noko av det eg er mest nøgd over sjølv, konstaterer han.

Trafikkorkar og svevestøv er det lite av i byen. Noko kan sikkert skuldast byplanlegging og breie gater etter bybrannen på 1600-talet, men rushtidsavgift, massiv satsing på gang- og sykkelstiar og eit godt spleiselag med fylkeskommunen har gjeve strålande resultat.

– Bruken av buss har auka med 60 prosent sidan 2010. Det utgjer 10 millionar reisande, seier Knut. Samstundes har bilbruken vorte redusert med elleve prosent, og det er fleire som syklar eller gjer som oss, går.

Blir rart utan Knut

Ordførar Rita Ottervik frå Arbeidarpartiet tek fatt på den fjerde perioden sin som den fremste politikaren i byen ved Nidelva, og meiner det vert rart utan austevollingen på nabokontoret.

– Knut har vore ein flott støttespelar, både innanfor sjølve politikkfeltet og ikkje minst til å avlasta meg på representasjon, seier ordføraren. Dessutan er han løysningsorientert, ein avgjerande eigenskap i koalisjonar.

– Me er nok ikkje samde i alt, men i dei store sakene som budsjett er det klart at koalisjonen står saman, seier ordføraren, før ho hastar vidare. Fjørtoftutvalet vil ha ein bit av henne, og idrettspolitikk er naturlegvis viktig for ein storby som Trondheim.

Rita og Knut har aldri hatt feriar samstundes, og det hender at alle kveldane er kryssa av med eit eller anna arrangement der dei må vera til stades. Tidvis må det lagast ein detaljert plan over kor ordførarkjeda er, og kven som hentar hos kven til kva tidspunkt.

Ordførar Rita Ottervik (A) vil sakna austevollingen, seier ho.

Ordførar Rita Ottervik (A) vil sakna austevollingen, seier ho.

Rak i ryggen

Når Knut ruslar ut av kontoret sitt for siste gang, er det med heva hovud. Rett nok skulle han ynskja at det hadde vore meir midlar til svake grupper som dei psykisk utviklingshemma. Dette er tiltak Sosialistisk Venstreparti ikkje har klart å samla fleirtal for i bystyresalen.

Likevel: Solidaritet med dei svakaste gruppene, dei som kanskje ikkje alltid kan føra ordet for seg sjølve, har heile tida vore ei drivkreftene hans. At han kjem frå ein politisk familie, er han likevel innforstått med. Austevollordførar Salomon Fagerbakke, han som mista kommunekassen på sjøen då ”Sælbjørnsfjord” forliste, var bestefaren hans.

– Då eg vaks opp, kjende eg at både far og bestefar nytte stor respekt lokalt på øya. Då folk stemte representantar inn frå bygdelistene, var det gjerne folk dei respekterte som vart valde inn.

I det siste bystyremøtet sitt, sleppte ikkje den avtroppande varaordføraren solidariteten av synet. Palestina har sidan sosialdemokratane og sosialistane inntok makta i Trondheim vore uventa høgt på agendaen. Ramallah på Vestbreidda vart utpeikt som ny venskapsby, ikkje utan protestar frå dei meir kristenkonservative krinsane i byen.

– Folkerettsleg er det ingen tvil om at Israel ulovleg okkuperer Gaza og Vestbreidda. Etter at det vart avslørt i pressa at kommunen sine fond indirekte har investert i selskap som tener på okkupasjonen, bad eg om ei evaluering av praksisen til byen. Det vert no gjort, slår veteranen fast. Vona hans er å ha eit etisk regelverk som gjer dei trygge på at Trondheim kommune ikkje investerer slik at deie indirekte blir skulda for brot på menneskerettar og folkeretten.

Reiser

Ved tre høve har Knut vitja Palestina. Fyrst like etter Ramallah vart venskapsbyen til Trondheim. Den siste vitjinga, til jul for to år sidan, var likevel den han sette mest pris på. Her vart han med i reisefylgjet til Trondheimsolistene, som skulle halda konsertar kring i det vesle området som utgjer Israel og Palestina.

– Å kunna feira jul med messe i Betlehem var ei særleg sterk oppleving, seier Knut og skildrar korleis biskopen måtte improvisera plass på fyrste rad då ei handfull av sjølvstyresmaktene sine fremste representantar uventa møtte opp eit stykke ut i gudstenesta.

Framleis vert Knut sint og oppgitt over urettvis handsaming og strukturar som er med på å undertrykkja menneske.

– Alle bør oppleva korleis palestinarane har det, før dei uttrykkjer seg skråsikkert om okkupasjonen.

Han fortel om då den palestinske gjestemusikaren Trondheimsolistane hadde med seg vart arrestert og dregen ut av bussen nordmennene sat i. Det var israelske militære med maskinvåpen under armen som stod for handlinga, medan små barn som såg på.

– Det heile fordi han hadde eit reisepass som var utgått for fire dagar sidan. Han risikerte fengsel i seks månadar for dette, men vart i staden nekta utreise.

For barna i reisefylgjet vart møtet med dei væpna israelske styrkane ei ganske traumatisk oppleving.

Å sjå den politiske løysninga på denne konflikten er ei krevjande intellektuell øving. Umogleg å finna fred er det likevel ikkje.

– Det er òg krefter i Israel som jobbar for ei fredsløysing. Den evigvarande krigssituasjonen er ikkje noko dei kan leva med i lengda. På den andre sida har du ekstreme krefter, ultra-ortodokse, som ikkje vil vika ein tomme.

– Den dagen USA bestemmer seg for å ikkje pumpa pengar og våpen ukritisk inn til det israelske regimet, må staten Israel òg endra kurs, analyserer Fagerbakke. Den jødiske lobbyen i USA har hatt mykje makt, men der òg kan det vera ting som tyder på eit klimaskifte.

Kongen av Jordan

Ikkje mange vekene seinare var SV-aren på nytt i Midt-Austen, denne gongen i Jordan. Fyrste dagen var sett til eigne gjeremål, og Knut hadde meldt seg på ein tur til oldtidsbyen Petra. Så kom det brått inn ein invitasjon frå kongen av Jordan.

– Om eg ville vera med på det, eller om eg føretrekte andre gjeremål. Svaret gav seg sjølv.

Dermed toga austevollingen inn til kongen saman med eit koppel av biskopar, ein amerikansk general og barnebarnet til Kaizer Wilhelm. Høvet for besøket var opninga av ei ny protestantisk kyrkje ved døypestaden til Jesus i Jordanelva, og dei to sistnemnde på gjestelista representerte ein godtemplarorganisasjon som hadde stått for finansieringa.

– Eg sat ved bordet og tenkte veldig hardt på kva eg skulle seia. Eg klarte meg bra, men etter møtet drog kongen meg til sides. Han fortalde han hugsa Trondheim godt, som ung mann hadde han saman med ein god ven køyrt Harley Davidson frå Bergen til Nordkapp.

Ikkje akkurat det du skulle forventa av ein arabisk prins.

Knut smiler i skjegget av historia.

– Kongen av Jordan trur eg fort kan komma til å spela ei heilt avgjerande rolle i å bringa stabilitet til Midt-Austen, konkluderer han.

Og opninga av kyrkja ved den smale Jordanelva, vart naturlegvis ei oppleving det òg. Trass i at Knut ikkje er religiøs, gjev det likevel meining å besøkja stadar med historisk tyngde.

Trondheims gater

Det er i gamle Nidaros han trivst best. Her har han barn og barnebarn i nærleiken. Dessutan er det eit blømande kulturliv i byen. Desse haustvekene er det den såkalla Uka! Studentane ved universitetet i byen fyller gatene med show. Når Knut viser Marsteinen byen sin er det ein korpsgjeng frå tidlege NTH som regjerer i Kongens gate. Utstyrte med messingblåsarar og kanonar (!) sender dei heftige lydbylgjer i retning Torget og statuen til Olav Trygvasson.

Det er blåtonar som ligg nærast det musikalske hjartet til Knut. Jazz. I eit dryg tiår var han leiar i den lokale jazzfestivalen, som tidvis kunne skilta med internasjonale storleikar som Chic Corea på plakaten. Likevel er det ofte dei lokale drivkreftene som imponerer mest. Trondheim har sitt eige konservatorium under NTNU-paraplyen.

– Det beste musikalske minnet mitt var då jazzmusikaren Erlend Skumsvoll pakka gamle Åge Alexandersen-melodiar inn i jazzinnpakking, saman med studentar frå jazzlina ved NTNU. Resultatet vart spektakulært!

Trønderrock er elles noko den stoiske austevollingen ikkje let seg riva med av.

Me ruslar nedover mot hamna i byen. Munkegata med haustgule tre, domen i eine enden og torget i midten. Skansen er kjend for dei fleste som har vore på Fiskerimessa. Her samlar mange tilreisande fartøy seg. I dag er det stille, ein og annan student syklar forbi.

Trass i fjorden er ikkje Trondheim særleg sjøvendt. Den ferske strandpromenaden kan kanskje endra på det. Akkurat her er kanskje varaordføraren sin favorittstad i heile byen. Han var sjølv med og klypte snora, sjølv om gildet vart spandert av vegvesenet i samband med utbygginga av riksvegen som er lagt delvis under grunnen.

Munkholmen glitrar i fjorden. Knut helsar på eit par spreke damer som har teke ettermiddagsturen sin i den nokså haustkalde sjøen.

– Eg opna sjøbadet i vår, og hadde lova å bada. Det var berre fem grader.

Dermed vart kvota for sporty eskapadar i fjorden unnagjort for dette kalenderåret.

Det er spesielt på gangbrua over Kanalen, ei dryg bassenglengde frå den gamle jernbanebrua, Knut kosar seg mest med. Grepet har opna opp heile fjordsida mellom Skansen via Fosenkaia og bygningane til Sintef heilt til Ranheim for gåande og syklistar.

Austevollingen er vorte trønder.

– Jau, eg vert verande her. Dei kjem sikkert til å bera meg inn dørene i det krematoriet eg ikkje ville kommentera dørvidda på den gongen …

Av Trond Hagenes