I køen inn mot Spøkelsesgangen gjekk samtalen helst i kva som kunne venta dei.
I køen inn mot Spøkelsesgangen gjekk samtalen helst i kva som kunne venta dei.

Suksess i Skumlevik

I køen inn mot Spøkelsesgangen gjekk samtalen helst i kva som kunne venta dei.

I køen inn mot Spøkelsesgangen gjekk samtalen helst i kva som kunne venta dei.

Skremsel og spaning gjekk hand i hand då Familia Greve Van Skumlevik Von Ferdeleg inviterte til kalas i den Grøsselige Borg i kveld.

Det fyrste som møtte dei frammøtte festdeltakarane i Kobeins… orsak, eg meiner Skumlevik i kveld, var eit inngangsparti dekka i spindelvev, stolar som låg kvelva rundt i lokalet og eit pustande spøkjelse i eine hjørna av gymsalen. Var det eit ekte menneske under kostyme, og i så fall kven?
– Eg trur det er ho som pleier å ha barnetrimmen om onsdagen, meinte Nicholas Røseth Kolbeinsvik (12), som såg ut til å ha vore innom Jahn Teigen sin garderobe for høvet: skjelettkostymet passa han bra!
– Eg veit kven det er. Det er mor til Tobias, slo Even Vassnes (10) fast.
– Ja, det var ho eg meinte, sa Nicholas, og dermed var det nærast ei etablert sanning at spøkelset som sat i hjørna i nesten ein heil time, var Dorthea Møgster.

Gjennom gutegarderoben
Pølser tilbredt som fingrar, graskarsuppe ein tappa i blikkboksar, kake med auger og muffins med gravstøtter på – ingenting var tilfeldig, verken på matbordet eller ved Halloween-festen generelt.
– Eg vil vera med om nokon går føre meg, sa Lukas Røseth Kolbeinsvik (6), som plasserte seg i køen mot Spøkelsesgangen. Adrian Berntsen (8) tok utfordringa på strak arm, og lova å fylgja både Lukas og kameraten Noah Hanøy (6) trygt gjennom mørket. Rykta om at det i Spøkelsesgangen var rikeleg med spindelvev, ein dinosaur som laga lyd og ein mann med lommelykt spreidde seg snart. Ei jente nekta plent å ta turen, med fylgjande grunnlag overfor veninnene:
– De må faktisk gå gjennom gutegarderoben!
Plutseleg dukka Dorthea Møgster opp på festen, men spøkelset i hjørna sat der framleis. Var det ikkje henne likevel? Plutseleg vakna lakenet til live, og krabba rundt i lokalet …

Meir om den gjennomførte Halloween-festen får du lesa i Marsteinen på torsdag. Kanskje får du òg vita kven spøkelset var?