– Unnskyld? Er det slik at dette skal inni her?
– Unnskyld? Er det slik at dette skal inni her?

Møttest gjennom maten

– Unnskyld? Er det slik at dette skal inni her? Camilla Solbakken Ringdal prøver seg på ei injera, og vil sjølvsagt tilbreda det slik det er meint. Kokken Kadro Addow Ali forklarar.

– Unnskyld? Er det slik at dette skal inni her?Camilla Solbakken Ringdal prøver seg på ei injera, og vil sjølvsagt tilbreda det slik det er meint. Kokken Kadro Addow Ali forklarar.

Truleg gjekk ingen svoltne frå Austevollhallen sundagsettermiddagen; er det noko dei verkeleg kan desse nye austevollingane, er det å laga mat – i store kvantum!

– Mat har med identitet å gjera, det seier noko om kven du er kor du kjem frå.
Silje Rusten hadde sonen Khaled (4,5 mnd) med seg på den internasjonale smaksfesten ved Austevollhallen.
– Mannen min er frå Jordan, og han ville vore stolt over å kunna visa litt frå kulturen sin her i dag.
Då han ikkje hadde høve til å koma, tok Silje like godt med seg eit lite inntrykk av Jordan i staden for; den mjølkebaserte varme drykken sahlab, og tedrykkane hibiscuste og chai bedoul.

Les heile reportasjen i Marsteinen på papir, eller kjøp e-avisa i kolonnen til høgre.