Nyheter

Sjarmerande Kolbeinsvikrevy

Kolbeinsvikrevyen feirar sitt ti-års jubileum med morosame parodiar og full fart på scena.Samspelet mellom songarar og band var av ypparste klasse. Marsteinen fylgde premieren og latteren, som runga i salen, kunne fortelja at revyen gjekk heim hos publikum. Ein større omtale kjem i avisa neste veke.

Tap på oppløpet

Austevoll – Varegg 1-3 (1-1). Austevollherrane hengde lenge med serietrear Varegg i oppgjeret på Eidsdøen i dag. Ballen rulla ikkje heilt dei oransje sin veg. Mellom anna vart det brent eit staffespark på stillinga 1-1. Bergensarane scora to kjappe mål etter om lag 85 minutt. Thomas Vacas opna AIK-forsvaret med eif flott frispark, som Daniel […]