Nyheter

Spreier glede og smil

Silje Blix (29) opnar i morgon nettbutikken Moods of Design. Konseptet er interiør, møblar og barneklede som gjev folk godt humør. Lokalavisa møter interiørdesignaren på kontoret hennar heime i Bekkjarvik. Ho har hyller med spesielle og kreative varer og produkt som er vanskelege å få tak i elles i Noreg.– Eg vil gjera noko nytt […]

Frp-gruppa er klar

I dag vart kommunestyregruppa til Framstegspartiet konstituert. – Me gler oss til fire år i ei ny, uvant, men viktig rolle, seier gruppa i eit presseskriv. For fyrste gong på tolv år er det ei Frp-kommunestyregruppe i opposisjon som i dag vart skipa.– Me har ei erfaren gruppe med mykje kompetanse på lokalpolitikk, så denne […]

DOF: Gjennombrot i Canada

DOF Subsea har sikra seg seg viktige kontraktar i Canada. Selskapet skal levera subsea-tenester for Husky Energy på austkysten av landet. Det norske selskapet, dotterverksemd av DOF, skal levera såkalla IMR*-tenester i ein tiårsperiode, med opsjon for forlenging i ti år til. Frå basen sin på St. John skal dei levera tenester frå eit lett […]

Avtala signert

Arbeidarpartiet og Høgre er formelt sett samde om avtala som sikrar samarbeidet mellom dei to partia i valperioden. I dag vart avtala signert. Over 16 punkt klargjer avtala mellom Arbeidarpartiet og Høgre samarbeidet, og satsingsområde. På det potensielt mest krevjande punktet, dei konkurranseutsette tenestene, er det bestemt at ein skal nytta ein uavhengig aktør til […]

Til Hellas for å hjelpa flyktningar

Til 50-årsdagen sin i sommar fekk Solveig Lilleskare pengar til ein ferietur frå barna sin. Turen byrjar på laurdag. Då set ho seg på flyet til Hellas for å hjelpa menneske på flukt.

Frp og Sp på friarferd til Ap

Edvard Johannes Stangeland var sendebod då han på vegne av seg sjølv og Framstegspartiet la ordførarkjeda og rekommunalisering av pleie- og omsorgstenestene i potten for å få Arbeidarpartiet til å bryta samtalane med Høgre.

Elskar nye prosjekt

Fem år er gått sidan Mons-Ove Hauge etablerte Head Energy, som er eit bemanningsselskap for ingeniørtenester. I dag omset selskapet for 360 millionar kroner. Hauge likar å utvikla konsernet og har akkurat starta to nye verksemder, trass i nedgang for oljesektoren.

Resultat av MOT

Elevane ved Austevoll ungdomskule merkar resultatet av MOT-kampanjen: Dei er vortne meir medvitne på korleis det er å vera mottakar av mobbing.

Held fram forskinga på grøngylten

Kvifor vert nokon grøngylthannar transvestittar, og er dei større hannane meir attraktive for ho-fisken? Dette vil ei forskargruppe ved Havforskingsinstituttet finna ut av. Sidan 2013 har leppefisken grøngylt vore under lupa eit ein gjeng forskarar ved Havforskingsinstituttet, som nyttar eit område i Storebøvågen ved instituttet si avdeling på Haukanes aktivt i forskinga. No har dei […]

Hundrevis på konsert

Fleire hundre publikummarar fann vegen til Austevollhallen og velferdskonserten Dråpen i havet i ettermiddag.

Sjarmerande Kolbeinsvikrevy

Kolbeinsvikrevyen feirar sitt ti-års jubileum med morosame parodiar og full fart på scena.Samspelet mellom songarar og band var av ypparste klasse. Marsteinen fylgde premieren og latteren, som runga i salen, kunne fortelja at revyen gjekk heim hos publikum. Ein større omtale kjem i avisa neste veke.

Tap på oppløpet

Austevoll – Varegg 1-3 (1-1). Austevollherrane hengde lenge med serietrear Varegg i oppgjeret på Eidsdøen i dag. Ballen rulla ikkje heilt dei oransje sin veg. Mellom anna vart det brent eit staffespark på stillinga 1-1. Bergensarane scora to kjappe mål etter om lag 85 minutt. Thomas Vacas opna AIK-forsvaret med eif flott frispark, som Daniel […]

Forhandlingar i godt klima

I går møtte Arbeidarpartiet og Høgre kvarandre for å spikra saman den politiske plattforma som skal liggja til grunn for samarbeidet partia i mellom. – Me har eit veldig godt klima, konstaterte kommande ordførar Morten Storebø (H). Etter møtet melde dei konservative på nettet at dei tek sikte på å utforma ein handlingsplan som begge […]

Me oppsummerer valet

Kvifor vart det valras for Framstegspartiet? Kom Høgre og Arbeidarpartiet til dekka bord? I avisa i dag får du analysa.

Her er det nye kommunestyret

Høgre si gruppe: Morten Storebø, Grethe Drønen Ringdal, Liv Bente Storebø, Sigve Drønen, Hans Erling Sandtorv, Kurt Frank, Joon Raymond Haugland og Jofrid Troland Arbeidarpartiet si gruppe: Anja Heggholmen, Håvard Endre Waage, Inga Margrethe Fagerbakke, Isabell H. Heggen, Vibecke Storebø Framstegspartiet si gruppe: Renate M. Klepsvik, Øystein Fammestad, Olav Jarnes, Helge André Njåstad og Georg […]

Den største gleda ein kan ha det er å gjera andre glad

Inger Marie Møgster, som arbeider som helsesekretær, fortel at ho har eit brennande hjarte for gatebarna på ein barneheim i Brasil, som heiter Fenase. Det gjer ho meining i livet å vitja barneheimen og å bidra slik at dei traumatiserte borna, får det betre. – Det gjev meining i livet å vera til hjelp for […]

Sigersklemmen

Etter at den noko skuffande oppsluttinga på førehandstemmene (33 prosent), gjekk jubelen i taket på Høgre si valvake ved Bekkjarvik gjestgiveri då dei endelege resultata låg føre i går (37,6 prosent til Høgre). Det er klart at Høgre og Arbeidarpartiet inngår i eit valteknisk samarbeid, som sikrar at Anja Heggholmen (A) vert varaordførar. Valresultatet: Høgre: 37,6 […]

Me fylgjer valet frå tre stadar

I kveld fylgjer Marsteinen valvakene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre. Framstegspartiet si valvake 23:54 – Me skal halda fram med å kjempa for partiet sine saker, seier Renate Møgster Klepsvik etter det negative resultatet for partiet. Dei har til no berre fått 21 prosent av stemmene. For fire år sidan fekk dei 47,4 prosent. Dei håpar […]

Statsråd på snarkikk

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vart sett inn i den skrikande trongen for eit betre ferjetilbod til øyane, og fekk teke ein nærare titt på brua over Torangsvågen, ein farleg flaskehals i fylkesvegssystemet på øyane.

Rivjernet Reidun

Reidun Drønen (68) er midt i den sjette cellegiftskuren sin. Det som tregar henne mest, er at ho ikkje har nok energi til å plukka sopp saman med mannen Bård, samt at sommarens badeturar har måtta vike.

Kommunen betalte for Frp-tur

Austevoll kommune har betalt ein helikoptertur pålydande i overkant av 14 500 kroner for dagen då Sommerbåten til NRK var i Austevoll. Fotografia frå turen er nytta i Framstegspartiet sitt partiprogram.

Vil hjelpa flyktningar i naud

Engasjementet blant austevollingar som vil bidra, har ikkje lete seg venta på etter at Marte Kalve Klepsvik og Marita Weløy bestemte seg for å arrangera ein velferdskonsert til inntekt for flyktningar i naud.

Veninner over kokekara

I sju år har veninnene Camilla Storebø og Randi Elin Kolbeinshavn drive cateringverksemd i Kolbeinshamn. Dei kranglar aldri, men så reiser dei av prinsipp ikkje på ferie saman, heller. Klokka er ni, populærmusikk på P4 susar ut av høgtalaren, og Camilla og Randi Elin er godt i gang med dagens produksjon utover kjøkendiskane i Kolbeinshamn: […]

Vil husa flyktningar

Magnus Stangeland og Terje Engevik meiner Austevoll må ta i mot syriske flyktningar med ein gong.– Eg kan ikkje fatta at det er mogeleg å sjå barn og ungdom slita for livet utan å villa gje dei all den hjelpa me kan, seier Stangeland.

Lukka blomstrar i Austevoll

Det er fleire positive faktorar som bidreg til at austevollingar har gode føresetnader til å kjenna på lukka. Marsteinen har prata med fagfolk og fleire personar i Austevoll om kva som er meininga med livet og om kva som skapar kvardagslukke for dei. Inger Marie Møgster og fleire andre austevollingar definerer denne veka kva som […]

Periode i bakspegelen

Kva har skjedd i det politiske landskapet dei siste fire åra i Austevoll? Mangt og mykje. Me har bladd attende.

Bokmelding: Solskinshistoria som enda på skuggesida

Korleis kunne det gå så aldeles ille, Claus? Du som med ein slags elgete eleganse glei over grastustane på dei store fotballarenaane i England. Du, den jordnære guten frå Bekkjarvik, som kanskje var betre ven med lærkula enn skulebøkene. Eg undrast, og blar opp i boka: En kamp til. Sjølv har eg referansar til det […]

Debatterte hjartesaker

Samferdsle og innvandring var to av dei heitaste temaene då lokalpartia barka saman under debatten Me snakkast på biblioteket i Bekkjarvik i går. Helge André Njåstad (Frp) argumenterte for at samferdsle er viktigast i Austevoll i framtida, medan Anja Heggholmen (Ap) meinte at ein bør gjera meir for flyktningar. Politikarar frå ulike parti vart beden […]

«Gamle Gardar» vert spiker

Knappe fire år etter at familien Halstensen henta heim reiarlaget sin fyrste fiskebåtvert båten sendt til opphogging. Båten vart bygd i jern i Storbritannia for 130 år sidan. – Det var vore tæring i skroget, mest truleg medan båten låg i Bekkjarvik, noko som ville gjort ein reperasjon særleg kostesamt, seier Inge Halstensen. 15 millionar […]