Nyheter

Vil du læra deg å segla?

Segling er ein flott sommaraktivitet. Det vert arrangert kurs for barn og vaksne i segling og sjømannskap denne veka på Storebø. Vil du kjenna vinden i håret, medan du styrer segla? Hele den neste veka held Austevoll seilforening og Kyst- og sogelaget kurs for barn og vaksne. Dette er eit samarbeid mellom desse samskipnadene for […]

Kor er demokratiet?

Høgre og Liv Bente Storebø er frustrerte over at dei enno ikkje har fått innsyn i dokumenta som ligg i botn for avtala mellom Austevoll kommune og avgått rektor på ungdomsskulen, Tor Grini. No spør dei kva som skjer med demokratiet i Austevoll. Denne saka kamn du lesa i avisa i dag.

Trenar a-laget til Lyn

Dei ligg på botnen av andredivisjon. Lyn er likevel eit namn som verkeleg vekkjer minne hos fotballkjennarar. No er hovudtrenaren deira blitt ein austevolling, Tresor Egholm. Saka les du på sportssida i dagens avis, enten på PDF eller på papir.

Nedbrent på rundt ti minutt

Eit naust og ein verkstad brann til grunnen i dag i Oksabåsen ved Kolbeinsvik. Operasjonshavande Hans Petter Bjånesøy fortel til Marsteinen at bygga var overtende då mannskapet hans på tolv kom til staden, rundt eit kvarter etter meldinga kom inn frå 110.– Flammane var høgare enn terrenget her då me kom, seier han og ber […]

Tap mot Sotra

To mål av Alexander Dang på slutten av gårsdagens oppgjer på Eidsbøen var nok til at AIK gjekk på det tredje tapet sitt på fire kampar. Back Henrik Melingen meiner at AIK var for oppjaga med ballen. – Ok kamp innsatsmessig, men me mangla litt ro og kvalitet på det me gjorde når me hadde […]

Her spelar Marsteinen-journalisten mot sjakkroboten

Me får eit møte med Bjarte Mehus Sunde (26), sjakkroboten og studievenene Tor Stian Hjørungdal(24) og Henrik Kilvær (24) inne på eit lite rom på studiestaden. Ikkje minst får me møta Per Thorvalsen, som er instituttleiaren hans innanfor studieretninga automatikk. Saka leser du i avisa i dag.

Ynskjer auka frivillig engasjement

Det er eit yrande frivilligheitsliv i Austevoll- samstundes er potensialet enormt! Det finnes ingen oversikt over alle frivillige organisasjonar i øykommunen og Frivillighet noreg tok initiativ til eit møte, som skulle bidra til kartleggjing og samarbeid. Mange austevollingar har aldri vorte spurt om å vera frivillig i Austevoll. Frivillighet noreg ynskjer å gjera noko med […]

I startgropa for ny giv

Friidrettsgruppa i Austevoll idrettsklubb er blitt tildelt idrettsmidlar frå kommunen til eit nytt system for tidtaking. Nina Møgster som er leiar for gruppa meiner at dette, saman med nytt dekke på banen, vert byrjinga på eit kjempeløft for gruppa, som vil gjera at det gror godt i rekkjene.   AIK har allereie til neste år […]

Fann kvarandre gjennom bridge

Amors piler skaut blink då Laila Årland og Ole Årland møtte kvarandre på ein klubbkveld hos Austevoll bridgeklubb. Lagspel og samarbeid i ei rekkje turneringar i Noreg over fleire år knyter paret endå sterkare saman. Laila spelar fast på lag med ektemannen sin og har gjort dette i fleire år. Det var tilfeldig at dei […]

Uvanleg god sesong

Kjendisstatusen har lukkelegvis ikkje gått til hovudet på Bekkjarvik Gjestgiveri. Naturleg nok merkar dei stor pågang utover sommaren, etter sonen i huset gjekk av med sigeren i Bocuse d’Or i januar. Likevel tek

Ikkje dag for meitemarken

Verken auren eller meitemarken kunne føla seg trygge då Austevoll jakt og fiskelag skipa til familiedag. Godt med småfolk, grilling av fisk og andre godsaker. Varmande forsommarsol og ein og annan aure vart det òg. Les minireportasje i avisa denne veka. I mellomtida sjekk ut denne vesle filmsnutten.

Bles ut i Kolbeinsvik

Det er berre eitt skulekorps att i Austevoll. Til gjengjeld held dei kornettar og barytonar varme så det held.

Lever og andar for fisk

Sicelie Troland (30) har hatt fisk i blodet frå ho var lita og vaks opp tett på Troland lakseoppdrett. No er ho kvinneleg salsleiar for Steinsvik. Dagleg får ho arbeida med det ho synest er mest spanande: Fiskevelferd og kundebehandling. Les om Sicelie i Marsteinen på papir eller PDF.

Les deg til fest

Barn som les, vert lesne for eller høyrer lydbøker i sommar, vert inviterte til ein heidundrande fest på Austevoll folkebibliotek til hausten. Austevoll folkebibliotek er med i Sommarles, som er eit program for barn mellom 6 og 13 år. Det går ut på at barna les, vert lesne for eller høyrer lydbøker gjennom sommaren, fører […]

Dryssar mote over Storebø

Bergitte Tveit Haugland (25) er utdanna innanfor pedagogikken – men det får vera i bakhand. I juli opnar ho nemleg kledebutikk i splitter nytt lokale på Storebø. Dryss Mote er namnet, og staden er eit 50 rutemeter stort lokale i Storebøportalen. 2. juli opnar Bergitte Tveit Haugland butikken ho har arbeidd med dei siste månadane.– […]

Får løn for å leggje til rette

Næringskomitéen på Stortinget er blitt samde om at 80 prosent av inntektene ved tildeling av nye oppdrettskonsesjonar skal tilfalla kommunane. Fleirtalet i næringskomitéen meiner at havbrukskommunane må få ein langt større del av vederlaga for tildelingar av nye konsesjonar i oppdrett. Kommunar og fylkeskommunar bør no sitja att med 80 prosent av inntektene, etter at […]

Kom til kort

AIK klarte ikkje heilt å hamla opp med høgdflygande Lysekloster i helga. Heilhjarta innsats og to mål til Tord Harald Skår heldt ikke til anna enn heiderleg omtale. Slttresultatat vart 2-4. Meir om kampen får du frå pennen til frilansar Kjetil Rydland i avisa på torsdag.

Idyll med friluft

Sundag vart friluftlivets år markert ved opning av friluftsområdet Spissøy/Sveholmen. Friluftsgudsteneste, natursti og oppgåver vart noko av det som stod på agendaen. I avisa denne veka kjem det fotoreportasje frå opninga.

Fargerike bølgjer

I går var den årlege sommarframsyninga til Austevoll kulturskule. 85 elevar fordelt på faga song, gitar, piano, keyboard, slagverk, tverrfløyte og band opptredde under konserten, medan kunst laga av elevane på teikning og måling dekorerte bakgrunnen på storskjerm gjennom kvelden. Konserten hadde namnet Bølgjer, som òg var temaet teikneelevane hadde arbeidd ut frå.

Opnar døra til lokalhistorien

Levande minne frå farne tider, spor etter menneskeleg aktivitet i alle formar. No skal Austevoll kommune samla alt dei kan finna i eit planverktøy – og dei treng hjelpa di.

Krev gangfelt

I 15 år har Inger Anne Mortvedt, som er blind, arbeidd for å få gangfelt over fylkesvegen ved Tuo. No er dei fire personar med førarhundar som bur i området, men framleis er det ikkje eitt einaste gangfelt over fylkesvegen mellom Sentrumsbygg og K. Senteret. Dette er i tillegg den mest trafikkerte vegstrekninga i kommunen. […]

Mannen som elskar Austevoll

Algirdas Motiejunas slår opp kamerastativet sitt. Skodar mot storhavet. Hentar ut spegelrefleksen sin frå ryggsekken. Lidenskapen hans er det han festar på minnebrikka. We love Austevoll Islands in Norway heiter ein liten stad på verdsveven. Over 1 700 menneske av Facebook likar naturfotosida til Algirdas Montiejunas (35). Oppretta fyrst og fremst for å visa vener […]