tom johnson - reservebilete

Sa frå seg leiarrolla

tom johnson - reservebilete
Tom Johnson har sagt frå seg rolla som leiar for samanslåingsprosessane mellom Kolbeinsvik og Selbjørn skule.

I artikkelen på side 2 i avisa denne veka, står det at Tom Johnson er leiar for arbeidsgruppa for ein privat skule i bygda. Dette er feil.
Rektor Johnson var leiar av gruppa for samanslåingsprosessen mellom skulane i Kolbeinsvik og Selbjørn. Denne rolla sa han skrifteleg frå seg etter diskusjonen og vedtaket i kommunestyret den 23. mars, då han meinte kommunestyret og sentraladministrasjonen underkjente råda han hadde gjeve som fagansvarleg for samanslåingsarbeidet.
– Per i dag veit eg ikkje kven som har ansvaret, ta avgjerder eller uttala seg på vegne av samanslåingsprosjektet, seier Johnson til Marsteinen fredagsmorgonen.
Rådmann Helge Skugstad konstaterer at Johnson ikkje lenger har leiarrolla.
– Framover vil prosessen styrast av rektor ved Selbjørn skule, Trygve Fjeld, og skulesjef Per Olav Sørås, seier Skugstad til lokalavisa.

Prosjektgruppa for samanslåing av skulane vart etter kommunestyrevedtaket i oktober sett saman av rådmannen, og ser slik ut:

Leiar: Tom Johnson, rektor ved Kolbeinsvik skule (Johnsen sa frå seg leiarrolla etter reverseringa i saka på måndag 23. mars. Framover skal Trygve Fjeld og Per Olav Sørås styra prosessen)

Medlemmar i prosjektgruppa:
Trygve Fjeld – rektor Selbjørn skule.
Ragnar Haraldseid – verneombod, Kolbeinsvik skule.
Lone Møgster – lærarrepresentant, Selbjørn skule.
Tone Hope Fagerbakke – lærarrepresentant, Selbjørn skule.
Ove Fagerbakke – leiar i Utdanningsforbundet Austevoll (representant for dei tilsette).
Thomas Larsen – økonomisjefen i Austevoll kommune.
Eivind Suphammer – kommuneingeniør, Austevoll kommune.

Prosjektstyret:
Per Olav Sørås – kommunalsjef i Austevoll kommune, oppvekst og helse.
Henning Andersen – spesialkonsulent, rådmannskontoret.
Thomas Johnson – prosjektleiar.