Her vert brevet sendt til den politiske leiinga i går delt ut til kommunestyret. På galleriet står Tom Jonson.
Her vert brevet sendt til den politiske leiinga i går delt ut til kommunestyret. På galleriet står Tom Jonson.

Oppheva vedtak i skulesaka

Her vert brevet sendt til den politiske leiinga i går delt ut til kommunestyret. På galleriet står Tom Johnson.

Her vert brevet sendt til den politiske leiinga i går delt ut til kommunestyret. På galleriet står Tom Johnson.

SKULESAKA: Eit brev frå ein forelder sendt til den politiske leiinga i går, samt fleire telefonar frå andre, skal ha vore grunnen til at skulesaka igjen hamna hos kommunestyret.

Med 11 mot 9 røyster vedtok Austevoll kommunestyre i dag og oppheva vedtaket i sak 005/15, der det vart vedteke ei overgangsordning frå offentleg til privat skuledrift i Kolbeinsvik fram til seinast august 2016. No held dei fast ved vedtaket frå 30.10.14, og stadfestar samanslåing av Kolbeinsvik og Selbjørn skule til hausten. Dette gjeld alle elevar og tilsette.

15 min før møtet
– Skammeleg! Dette går ikkje an, kom det frå galleriet då Torfinn Grav (Krf) lese opp framlegget på vegne av Krf, Sp og Frp utan Narve Møgster. Det var Tom Johnson, rektor ved Kolbeinsvik skule og leiar i prosjektgruppa i Kolbeinsvik som tok til ordet, men vart svart frå både ordførar og varaordførar med at han ikkje hadde talerett.
Talerett hadde derimot kommunestyret, som var særs delte i tilleggsaka.
– Denne saka vart delt ut 15 minutt før kommunestyret byrja, utan noko debatt. Det liknar mykje på eit kupp, sa Joon Raymond Haugland (H).
Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) synest det var feil å seia at saka kom brått på sjølv om ho konkret vart delt ut eit kvarter før møtestart.
– Vedtaket frå februar vart skrive uklart på bakrommet, sa ho, og la til at ho vert oppriktig lei seg når ho høyrer at folk frå Kolbeinsvik og Drøna meiner at kommunestyret er meir opptekne av å hjelpa dei som ynskjer ein privatskule i bygda, enn dei som vil gå i den offentlege skulen.
– Det handlar om å rydda opp, og vera litt ærleg. Difor bad eg rådmannen laga opp ei sak her, forklarte ho.

Fråverande prosess
Brevet som vart sendt til den politiske leiinga i går, nådde fyrst fram til mange i kommunestyret under sakshandsaminga i dag. Her stiller ein forelder seg spørjande til den fråverande integreringsprosessen med ei god overføring av dei elevane som ynskjer å gå på den offentlege skulen. Avsendaren peikar på at blant dei som skal gjennomføra denne prosessen, sit tre av dei i Arbeidsgruppa for Montesorriskule i Kolbeinsvik, noko som er ei uheldig kopling.

Nedstemt
I staden for å reversera, ynskja Liv Bente Storebø (H) at rådmannen kunne tydeleggjera vedtaket frå i februar.
– Eg ynskjer at prosjektleiaren frå Kolbeinsvik skal få komma ned frå galleriet og forklara seg.
Tom Jonsen kom ned, og fekk ordet frå talarstolen. Her gjorde han greie for overføringsprosessen så langt, som han meiner har gått føre seg slik i takt med planen.
Etter eit gruppemøte kom Høgre, Arbeidarpartiet og Narve Møgster frå Frp med eit fellesframlegg om å la vedtaket frå februar bli ståande, men samstundes at rådmannen tydeleggjer vedtaket. Framlegget fekk ni røyster mot Krf, Sp og Frp sine elleve.

Etter denne saka kom på nett måndagskvelden, er Marsteinen gjort merksam på at det er fleire foreldre som støtta opp om brevet til den politiske leiinga.

Av: May Linn Clement