Nyheter

Startar AUF-lag

Jeanette Heggen (17) og Johanna Malena Nordeide (16) ynskjer betre kollektive tilbod for dei unge austevollingane. No etablerer dei eit AUF-lag i kommunen.

Miljøpartiet med lokalvalliste

Miljøpartiet De Grønne har stifta lokallag i Austevoll og har levert liste til haustens kommunestyreval. Lista ser slik ut: 1. Stina Nordbak, 2. Mats Lie, 3. Laila Taraldsen, 4. Liv Janne Klepsvik, 5. Kristi Eggøy, 6. Yngve Kjellevold, 7. Janette Kjellevold, 8. Camilla Libnau

Seglbåt i havsnaud 50 nm utanfor Marstein

– Båten ligg 47,7 nautiske mil vest av Marsteinboen. Me har to redninsghelikopter på veg – eitt frå Florø og eitt frå Sola. Det første reknar me med skal vera framme klokka 20.57. Fartøya i nærleiken har nok for røffe forhold, men  gjer det dei kan, seier Asle Viste, redningsleiar ved Hovedredningssentralen til Marsteinen. Lokalavisa […]

Journalistspira

Niandeklassingane i Austevoll har hatt arbeidsveke dei siste dagane. Maren Rivenes Vik (14) har vore journalist i Marsteinen, noko som etter sigande var kjekkare enn ho hadde sett føre seg. – Eg trudde eg berre skulle vera med dykk rundt på oppdrag, men fekk allereie fyrste dagen dra på oppdrag sjølv, seier Maren. Ho er […]

Sa frå seg leiarrolla

Tom Johnson har sagt frå seg rolla som leiar for samanslåingsprosessane mellom Kolbeinsvik og Selbjørn skule. I artikkelen på side 2 i avisa denne veka, står det at Tom Johnson er leiar for arbeidsgruppa for ein privat skule i bygda. Dette er feil.Rektor Johnson var leiar av gruppa for samanslåingsprosessen mellom skulane i Kolbeinsvik og […]

Klagar på vedtaket i skulesaka

27 foreldre krev at det siste vedtaket i skulesaka vert underkjend, og at vedtaket i sak 005/15 frå februar vert ståande. Dette kjem fram i ei klage som vart sendt til administrasjonen og kommunestyrepolitikarane i Austevoll kommune i går kveld. E-brevet vart òg sendt til Fylkesmannen og Sivilombodsmannen.

Livet med og utan Olve

– Tapet av Olve vil gjera vondt for resten av livet mitt. Men større enn denne smerta, er kjærleiken. Eg er så uendeleg takksam for at eg fekk vera mor til Olve, seier Torill Otterskred. Ein haustdag i 2012 døydde 24-åringen hennar i ein overdose. Torill Otterskred er portrettert i Marsteinen sitt påskenummer.

… og når liene grønkar som hagar

Vårsola lokkar ein vintervalen lekam ut på tur. Og ein treng verken Myrkdalen eller Kvamskogen for å gjera seg fortent til ein tursjokolade og ei appelsin. I avisa kan du bli med redaktøren på tur til den gamle husmannsplassen Hottvik på Selbjørn. I området har Marsteinen lagt ut ein geocache.

Kvalitetsstempel til dei oransje

Fotballgruppa i Austevoll idrettsklubb har fått kvalitetsstempel av krinsen, som berre den tredje klubben i fylket. Idrettsklubben fekk denne veka det endelege provet på at dei er sertifisert som ein kvalitetsklubb av Noregs fotballforbund. Klubben hadde invitert leiarar, spelarar og fotballvener til markeringa, der det mellom anna vanka godord frå fotballkrinsen sin styreleiar Tore-Christian Gjelsvik.– […]

Oppheva vedtak i skulesaka

SKULESAKA: Eit brev frå ein forelder sendt til den politiske leiinga i går, samt fleire telefonar frå andre, skal ha vore grunnen til at skulesaka igjen hamna hos kommunestyret.

Topp tre klar for Arbeidarpartiet

Fredagskvelden fekk Arbeidarpartiet banka gjennom lista si til kommunevalet. Som ordførarkandidat tronar Anja Heggholmen, etterfølgd av Håvard Waage og Ragnfrid Mangor-Jensen på andre- og tredjeplass. – Hovudfokuset vårt er kampen mot privatiseringa, samtykkar trioen. Dei vil òg arbeida for meir openheit og stimulera til meir demokratiske prosessar i styringa av kommunen.

Har tru på ny ferjeteknologi

Korleis Austevoll realisete bruene sine er inspirasjon då Norsk klimastiftelse og Sparebanken vest inviterte til møte om ferjeframtida i Hordaland. Miljøprofil på framtidas ferjedrift. Grepa må takast no, og fylkeskommunen som skal finansiera ferjesambanda er underfinansiert. Ein gordisk knute, vil mage hevda. – Dette er noko me skal få til! seier austevollingen Lars Henrik P. […]

Uroa over skadar

Fotball: Den gamle kunstgrasmatta på Eidsbøen er ikkje eit gunstig underlag å trena og spela på lenger, meiner a-lagstrenar Stian Hovland. Ei knapp veke før sesongens fyrste offisielle kamp, NM-kvalikk mot Sotra på bortebane, har fleire av det etablerte spelarane kjenning med slitasjeskadar. – Me håpar at det kan verta ei ordning med nytt kunstdekke […]

På opp for fiskerikommunen

Etter eit labert 2013, peika det oppover for dei fleste reiarlaga i Austevoll i 2014. Kven fiska for kva og ikkje minst kor stor er Austevoll i fangstverdi, samanlikna med Herøy? Svara får du i Marsteinen i dag.

Med blikket vendt framover

Senterpartiet vil ikkje leggja seg i daudvatnet av andre parti. Listetopp Lars Knut Aarland vil på partiet sine vegne ha meir å seia for kursen i politikken enn dei har hatt til no. Trass i at Senterpartiet har hatt varaordførar og samarbeidd tett med Framstegspartiet, meiner partiet at dei kan få endå meir å seia […]

Tryggast heime

Helsesystrene ber foreldre med spedbarn om å tenkja seg godt om før dei planlegg utanlandsreiser i svangerskapspermisjonen. Årsaka er dei hyppige førekomstane av meslingar i òg elles siviliserte land. Spedbarn er den mest utsette gruppa når det kjem til meslingar. Difor meiner helsesystrene ved helsestasjonen i Austevoll, Ingunn Storebø, Torill Bruntveit og June Drønen Møgster, […]

Hest og kamera den perfekte kombinasjon

Medan dei fleste ungdommar i dag er opptekne av fotball og anna idrett, finn Kristianne Solheim lukka gjennom linsa og hesten. Tiandeklassingen har meir en nok å ta tak i desse dagar, men ikkje om det skal stoppa ho i å driva med hobbyen sin. Kvar dag etter skulen er Kristianne å finna i stallen. […]

Tre naust utbrende på Drøno

På ein knapp time brende tre naust ved Drønspollen ned måndagsettermiddag. Brannsjef John Levi Weløy fortel at mannskapa hans makta å berga to naust. – Det vart meldt om at det var eit bål som kom ut av kontroll. Dette kan vera årsaka til brannen, noko patruljen vår undersøkjer no, seier operasjonsleiar Knut D. Michelsen […]

Mann omkomen ved Storebø

Ein mann i midten av 30-åra vart sundagskvelden funnen omkommen i hamnebassenget ved Storebø. Personen vart meld sakna i 20-tida, og vart funnen i sjøen etter kort tid, sjølv om det ikkje vart gjennomført noko formelt søk. Lensmannskontoret melder at dei pårørande er varsla, og at mannen – som har lokal tilknyting – rutinemessig vil […]

Sesongen over for Hanne

Hanne Haugland sin skeisesesong enda med diskvalifikasjon på den andre 500-meteren i NM i går. Det betyr ikkje at idrettsutøvaren har mista trua. – Eg trur at den neste sesongen kan bli veldig bra viss eg får trent 100 prosent. Denne sesongen sleit eg med betennelse i kne frå mai til desember i tillegg til kyssesjuka. […]

Tek det som det kjem

I helga skal Hanne Haugland delta i NM-einskilddistansar i Sørmarka Arena, Stavanger. Ho skal gå distansane 500- og 1 000-meter, om alt går etter planen. Meisterskapen byrjar allereie i kveld, med 500-meter både for kvinner og menn.

– Styrka og sterkt mannskap

Framstegspartiet er klare med lista si til kommunevalet. – Eg er særs nøgd, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik om dei 27 namna på lista.

Flaskar seg for utbygging

Slik ser Jostein Blænes og arkitektane i Tippetue føre seg at leilegheitene ved den tidlegare gamleheimen på Storebø kan sjå ut. Dette er teikningar òg naboane kan leva med.

Dreg gull frå kjøkenet

Norges Kokkemesteres Landsforening har sendt ut den prestisje- og bokstaveleg tala tunge statuetten sin for Årets Kjøkkensjef. Adressa er Arnt Johannessen, og Bekkjarvik Gjestgiveri. – Fortent? Jau, me har jobba hardt i mange år, så han er vel kanskje det, svarar Arnt beskjedent til Marsteinen. Prisen kan vinnast på mange enkeltståande kriterier, men som oftast […]

Song og sketsjar om einannan

Vegen mellom rolege songinnslag og morosame sketsjar var kort under revyen på Selbjørn skule laurdagskvelden. Ti minutt før revyen skal braka laus kjem eg stressande inn på parkeringsplassen, med ei mor som ikkje skjønar kvifor eg kjeftar og smell.– Eg treng å sitja framme, freistar eg å forklara henne medan eg dreg med meg kamera […]

Burgertesten

Marsteinen har dei siste vekene sendt to svoltne medarbeidarar på burgertesting rundt i kommunen, med misjon om å finna den beste burgeropplevinga Austevoll kan by på. I testen har Tang og Tare vurdert heile spekteret av hurtigmåltidet, der forventing, situasjon og pris har vore like viktig som kvalitet og smak. Med andre ord kva er […]

Bergteken av Bekkjarvik

Det er ikkje lenge til Bekkjarvik Gjestgiveri kjem under fana Gode adresser på heimesida til Eyvind Hellstrøm. Eyvind Hellstrøm er nett ferdig med fredagens lunsj når Marsteinen møter han i paviljongen på Bekkjarvik Gjestgiveri. Han har vore i bygda i fem dagar, i samband med opptak til dokumentarserien Hellstrøm rydder opp, som har funne stad […]

Ferja går til Austevollshella

M/F «Marstein», som går A-rutene ettersom M/F «Trondheim» er på Rubbestadneset i årleg verkstadopphald, går i morgontimane til ferjeleiet på Austevollshella, og ikkje til Hufthamar.– Det vil me gjera inntil vidare, til vêrforholda vart betre, seier ein tilsett ved ferja til Marsteinen.FosenNamsos har ein eigen mann på Hufthamar som viser bilane som måtte koma den […]

Marsteinen søkjer journalist

Marsteinen søkjer journalist i 80 – 100 prosents stilling Lokalavisa i Austevoll ynskjer å rekruttera ein samfunnsengasjert journalist med nase og driv for aktuelle nyhende og den gode historia. Marsteinen er og skal halda fram med å vera den pålitelege og analyserande lokale nyhendekanalen i Austevoll. I ein prosess der me skal vidareutvikla den digitale […]

Ferjer: To realitetar

Medan Fjord 1 sine riksvegsferjer har fartøyet fullt av redundanssystem, er våre eigne ferjer enn å lenge i ei tryggleiksmessig bakevje. Snart skal dei ut på nye anbod.