nora02

Nora er austevolling nummer 5000

nora02

Ordførar Renate Møgster Klepsvik kan endeleg seia at kommunen hennar har passert 5000 innbyggjarar. Her saman med Nora og foreldra Miriam Vatle og Tor-Harald Njåstad.

28. januar klokka 14:07 kom Nora til verda. Tor-Harald Njåstad og Miriam Vatle si jente nummer to, og Austevoll sin innbyggjar nummer 5000.

– Nummer 5000? Nei, eg visste ikkje det var venta eingong, seier ein stolt pappa Tor-Harald når Marsteinen spør om dei var førebudde på at den nyfødde skulle få den gjeve tittelen. Mamma Miriam seier seg einig, det stod heilt andre ting i hovudet hennar onsdagsmorgonen då ho etter ei god natts søvn skjønte at fødselen stod for døra – seks dagar på overtid.

nora03

Austevolling nummer 5000 var 4370 gram og 50 centimeter lang då ho kom til verda den 28. januar.

Finaste premien
Medan ordførar Renate Møgster Klepsvik heia Ørjan fram til gull frå tribunen i Lyon, fekk ho melding frå jordmor Vibeche Storebø om at det var kom gull til verda her heime òg. Milepålen på 5000 innbyggjarar i kommunen var nådd.
– Eg har hatt tett kontakt med jordmora i denne prosessen, seier Renate, som er kome til Dalen ved Bjelland for å møta den fem dagar gamle heidersjenta sjølv. Med seg har ordføraren ein blomebukett, ein sølvkopp, ei kvit dame og ein sjekk på 5000 kroner til vesle Nora Litangen Njåstad – éi krone frå kvar innbyggjar.
– Eg er heilt overvelda, seier mora om merksemda frå kommunen.
– Men den flottaste premien har me jo her, legg pappaen til og ser ned på den nye dottera si.

Jordmor Vibeche Storebø og ordførar Renate Møgster Klepsvik beundrar vesle Nora.

Jordmor Vibeche Storebø og ordførar Renate Møgster Klepsvik beundrar vesle Nora.

Ekte austevolling
– Me har prøvt å vera førebudde, og fekk beskjed frå Statistisk sentralbyrå (SSB) tidlegare i januar om at me kunne venta oss innbyggjar nummer 5000 i slutten av månaden, seier ordføraren. Då det i haust vart klart at merkedagen nærma seg, vart det òg bestemt at tittelen skulle gå til ein nyfødd austevolling, og ikkje ein tilflyttar som meldte adresseendring i løpet av månaden. Og ordføraren treng ikkje å engsta seg for at den nyfødde flyttar ut frå kommunen med det fyrste heller.
– Huset vårt kjem snart opp i Selvågen, så me vert verande i Austevoll framover, slår foreldra fast. Frå før av har dei Sofia på tre år, som er svært begeistra for veslesystera si.

Av: May Linn Clement