Kom i land etter ni timar

Ordføraren meiner austevollingane fortener betre. Administrerande direktør i Fosen Namsos seier det ikkje er unormalt mykje problem med M/F «Trondheim».

48 passasjerar var om bord i M/F «Trondheim» ved 20.20-avgangen frå Krokeide måndagskvelden. Klokka 20.34 fekk ferja motorstogg, og ikkje før over ni timar seinare, klokka 05.55, kom ho til kai ved Austevollshella, etter hjelp frå kystvaktskipet «Ålesund» og redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen».

Godt, men ergreleg
Merethe Sæle Nygård var ein av dei 48 passasjerane som var natta over på M/F «Trondheim». Sjølv fekk ho seg ein halvtime på øyra i bilen til broren, men resten av natta var det vake.
– Det var ein gjeng karar som gjorde sitt for å helda humøret oppe hos folk, og me hadde ikkje vondt om bord. Det var råd å gå i kiosken heile natta, og på eit tidspunkt var det gratis pølser til dei som ville ha, fortel ho over telefon tre timar etter ferja er lagt til kai.
Sæle Nygård seier at kapteinen var flink til å informera passasjerane over høgtalarane etterkvart som nye opplysningar kom til.
– Sjølv om det gjekk bra med alle, er det ergreleg at slikt inntreff. Det øydelegg mykje.

Ikkje haldbart
På Facebook-sida si i går kveld kommenterte ordførar Renate Møgster Klepsvik motorstoggen med fylgjande ord:
– Dette er rett og slett ikkje haldbart for austevollingane! Landets største øykommune utan fastlandsforbinding med veg, fortener betre enn at einaste ferja som går etter klokka 20.00 ligg og rek i timevis! På tide med nytt anbod med krav om nybygg og stabilitet. Eg «masar» på fylkeskommunen om dette. No har eg i tillegg avtalt møte med regjeringa den 16. januar for å finna løysingar for framtida.

Ikkje havari
Administrerande direktør i Fosen Namsos, Grete Fuglem Tennås, seier til Marsteinen at det ut frå statistikken i 2014 ikkje er unormalt mykje trøbbel med M/F «Trondheim».
– Statistikken for 4. kvartal er ikkje klar enno, men ser me på 3. kvartal, har ferja hatt 99,93 prosent regularitet, seier Fuglem Tennås.
Klokka ti skal ho i møte for å gå gjennom gårsdagens episode. Fyrst etter dette veit ho kva som skjer med ferja vidare.
– Dette dreier seg om ein motorstogg, ikkje eit havari. Difor trur eg det skal gå relativt greitt, seier ho.
B-ferja «Marsteinen» gjekk inn i som hovudferje ved 22.40-avgangen frå Hufthamar, og attende 23.20 frå Krokeide. Slik held det fram i dag, så rutetidene for B-ferja går difor ut.
Grete Fuglem Tennås tilrådar reisande å abonnera på Fosen Namsos si trafikkmelding, som er ei gratis SMS-teneste. Med denne får ein beskjed når ferjene har redusert kapasitet.

May Linn Clement