Nyheter

Mektig mysterium

Organisten er oppløyst i tårer. Nokon har knabba orgelpipa, så det fløytar ut falske tonar frå instrumentet. Godt at kyrkja har verva unge detektivspirar og ein lensmann med kamelhårsbørste.

Vil ha masta vekk

Arnstein Skotnes ynskjer ein ny debatt rundt den elektromagnetiske strålinga på Storebø. Han er overtydd om at langvarig eksponering av slike stråler er helsefarlig, og synest telemasta på Storebø burde flyttast langt bort frå heimar og arbeidsplassar.

Opnar eldrebustadane

Laurdag er det snorklypping på dei nye eldrebustadane over Bekkjarvik torg. Og straks får søkjarane vita om dei er velde ut til å flytta inn i herlegdomen. Marsteinen fekk tjuvkika.

Treng meir ressursar

Folkebiblioteket hadde eit sterkt oppsving i fjor haust, takka vera ekstra personalressursar. No ynskjer bibliotekaren seg ei halv fast stilling som barnebibliotekar.

Uvanleg hybel

Som ein slags negativ-versjon av campingplassar flest står parkeringsplassen til Austevoll maritime skule. Ingen stakitt, ingen plen, og fullt belegg heile året, utanom sommaren.Bli med heim til sunnmøringen Steffen André Nygård (23), som beint fram kjøpte seg ei campingvogn då han fekk plass ved skulen.