Nyheter

Tredobling av elbilar på ferja

På dei sju fyrste månadane i år har det reist tre gongar så mange elbilar over Hufthamar-Krokeide som året i førevegen. Resultatet av vellukka stimuleringstiltak med gratis ferjebillett til denne typen køyretøy kan likevel få ei bakside.

Austevollfiskarane vil halda på dagens kvotetak

Med eit knapt fleirtal vil medlemmane i Austevoll fiskarlag halda på 650 basistonn som makskvote i ringnótgruppa. Kor mange fiskebåtar skal det vera i ringnótflåten i framtida? Dette er essensen når heving av kvotetaket vert diskutert. Regjeringa har sendt ut høyringsforslag på å heva kvotetaket frå 650 til 850 basistonn, noko Austevoll fiskarlag sitt medlemsmøte […]

Fiskeblod på tann

Byguten Espen Fondenes Nilsen (17) var ikkje gamle karen då han slo fast at han skulle verta fiskar i Austevoll. Vinden har avteke, og Espen ringer til Marsteinen med beskjed om at det snart er stille nok til å dra ut og trekkja garn. Han har fri i ein dag, kanskje to, før han dreg […]

Næringsdag på strak arm

Det er tid for engasjement skal ein tru Austevoll næringsråd med Hege Lauvik i spissen. I høve fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) si vitjing komande måndag diskar næringsrådet opp ein ekstraordinær næringsdag. I tillegg til ministeren sitt innlegg kjem òg tidlegare Høgre-politikar Kristin Clemet frå tankesmia Civita for å tenna gneist rundt debatten om kommunesamanslåinga, melder […]

Seks om sitt

Litt fleire tenner, litt større klede, litt tyngre sekkar. Fyrsteklassingane for to år sidan har vorte tredjeklassingar på Storebø skule, og ambisjonane er tre gongar høgare. Minst! – Eg sette meg feil. Kan eg få sitta med dei der borte? kviskrar Kristian som har fått tre jenter mellom seg og gutta. Og med det er […]