Kjeilen_Bente

Signal frå livet sine byggesteinar

Kjeilen_Bente
Molekylærbiologi, nærare bestemt korleis eit protein kommuniserer med eit anna, har vore tema for Bente Kjeilen (29) i fire år med doktorgradsstudiar.

Fire år med lange dagar på laboratoriet og intense månadar med skriving av avhandling kulminerte med disputas for Bente Kjeilen frå Storebø. Ingen spøk, når ein med slekt, vennar og kollegaar på tilskodarbenken skal krysseksaminerast om det ein har lagt liv og sjel ned i over fleire år.
– Det er skikkeleg skummelt. Når du fyrst har kome i gang, er du så fokusert at det går greitt, seier Bente. Opponentane var henta frå Oslo og Frankrike, og var venlege – men gjorde sjølvsagt jobben sin. Fyrst er det kandidaten som har ein halvtime til å leggja fram funna sine, deretter er det sett av om lag 45 minutt til kvar av opponentane å forsøkja å stilla kandidaten til veggs. På førehand hadde doktorgradsavhandlinga vorte stempla med godkjent av opponentane, som unge Kjeilen ikkje hadde møtt tidlegare enn 30 minuttar før ho skulle i elden.
Den akademiske verda veit å ta vare på tradisjonane sine, og etter at opponentane hadde stukke hovuda saman på bakrommet, kom ein kappekledd herre ut og forkynte resultatet. Og den augneblinken smilar hovudpersonen storleg av enno.
– Herleg kjensle!

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.