Det vart ingen konsensus mellom Framstegspartiets Renate Møgster Klepsvik og Ingrid Møgster (Arbeidarpartiet) i dagens formannskapsmøte. Likevel var møtet eit nytt steh mot nedlegging av tre barneskular i kommunen.

Nytt steg mot skulenedlegging

Det vart ingen konsensus mellom Framstegspartiets Renate Møgster Klepsvik og Ingrid Møgster (Arbeidarpartiet) i dagens formannskapsmøte. Likevel var møtet eit nytt steh mot nedlegging av tre barneskular i kommunen.

Det vart ingen konsensus mellom Framstegspartiets Renate Møgster Klepsvik og Ingrid Møgster (Arbeidarpartiet) i dagens formannskapsmøte. Likevel var møtet eit nytt steg mot nedlegging av tre barneskular i kommunen.

Fleirtalet i formannskapen gav i dag tilråding om at skulane i Kolbeinsvik, på Møkster og på Trolandshamar skal leggjast ned i tråd med rådmannen si tilråding, med tilleggspunkt.

I tillegg ynskjer fleirtalet (av Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti) å utgreia skuleskyss for elevane på Møkster av tryggleiksårsaker, involvera landskapsarkitekt for å sikra betre utnytting av areala ute på Storebø skule og betra trafikksikringa på skulen. Trepartiskoalisjonen ynskjer òg å vurdera sal av skulebygningane på Trolandshamar saman med idrettslaget på øya med tanke på å delfinansiera overbygg på idrettsbanen.

Høgre fremja sitt eige forslag, med betre tid for prosessane, noko dei ikkje fekk tilsluting for, medan Arbeidarpartiet heller ikkje fekk med seg nokon i forslag om å invitera næringsliv med på spleiselag for å berga bygdeskulane.

Skulesaka skal handsamast av kommunestyret torsdag 30. oktober.

Debatten får du presentert i avisa på torsdag.