Nyheter

Siger i siste heimekamp

AIK tok sesongen siste heimesiger, og kunne feira både opprykk og at dei er ubesigra på Eidsbøen i årets serie. – Berre to poeng er avgitt på eige gras på elleve kampar. Sluttresultatet vart solide 4-2, målscorarar var Brede Storebø med to nettkjenningar, Kristofer Østervold og til sist Steffen Skår.