Nyheter

Hummarfruene

1. oktober er nesten som julekvelden å rekna. Teiner og flåar fyller skjergarden. Hummaren er fangst av edlaste sort, òg for Line Stenevik og Kristine Fanavoll. Les om fiskarane på baksida av dagens papirutgåve.

Dvergar og andefjes

– Me ville gje folk noko å høyra på og visa at me lagar musikk, brummar Daniel Tveit Haugland. No har dei fire medlemmane i The Freestyle Movementfyrt ut fire songar som er lett tilgjengelege, og desse kan du lesa meir om i papirutgåva i dag.

Tenkjer sidelengs

Laila Taraldsen tykkjer ikkje villsau er heeeilt der ho vil vera i gardsdrifta. Bringebær, derimot … Eit halvt mål, litt plast, om lag 9 000 kroner i buskar og to års tolmod er alt som skal til, meiner Laila. Den litle lappen ventar dei skal gje rundt eitt tonn bringebær fyrste året med full vekst, […]

Hender opp for Rosa Sløyfe!

Sveitte, farge- og folkefest. Stafetten som har fått hjartet til øya vår til å banka vart spretta i gong for andre år på rad. Bileta og teksten får du i dagens papirutgåve, i tillegg til biletkarusellen du kan finna på Marsteinen si Facebook-side.

Blomstra mot Fana

Rett nok ligg Arboretet i nabolaget til idrettslaget Fana, men det er ingen tvil om at Austevoll ikkje hadde intensjonar om å festa røter i fjerdedivisjon då laga møtte kvarandre på Eidsbøen. Les om den målrike kampen i dagens papiravis.

Leit etter metall med Ønskekvisten

Det var ein kunstig varm ettermiddag i mars i fjor at eitt knippe tilfeldige menneske samla seg ved Stolmabrua. Alle var der for å sjå brannen som herja i marka, men ut av elenda kom ein liten godbit; på Raudebergtåa ligg det eit koparbrot. Me tok turen for å undersøka i dagens blaute papirutgåve.

Trengst å rydda opp

Kor langt kan Austevoll kommune strekkja strikken for å setja skulane på Trolandshamar og Kolbeinsvik i stand? 56 millionar kroner er for mykje, meinar ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp). Spring til butikken og les meir i papirutgåva.

Storebøportalen godt i gang

Fyrste bygget på Storebøportalen er allereie i ferd med å reisast på tomta mellom pleie- og omsorgssenteret og fylkesvegen. Dette kjem til å framstå som eit glasbygg, med gjennomsiktige og tette gladfelt, informerer sivilarkitekt Mette Rakner.– Over den lyse og lette fyrsteetasjen gjev ein andre- og tredjeetasje ei kontrastfull mørk og maskulin utføring i svart […]

30 moglege kysthyttetomter

Bergen og Hordaland turlag synfarer for alle penganei desse dagar. Dei er på leit etter bygg eller tomt tildet nye skriket: Kysthytter. Meir i dagens papirutgåve.