Nyheter

Fyrste sommar med begge sønene

Etter å ha budd på andre sida av kloten for sonen sin Tanachote (9) i tre år, kunne Rungtawan Vågen i vår henta han til Noreg.

Trådlaus på Kongsen

For andre gang, i alle høve i grove trekk, har Austevoll kraftlag og Lysglimt bestemt seg for å vera føregangsgjengarar på internettfronten i Noreg. Trådløs Austevoll er ein realitet. Kulturbakeriet har fått tilknytingspunktet sitt for trådlaust internett, så vel som Sentrumsbygg på Storebø, Tonnings Mathus og Bekkjarvik Gjestgiveri. Målet er at ein kan rusla fritt […]

– Bygda er balsam for sjela

Sunnmøringen Kjetil Kriken (25), er klar for å ta ordet i den nyoppretta stillinga som kommunikasjonsrådgjevar for Austevoll kommune. – Då eg kom til Austevoll fekk eg umiddelbart eit godt inntrykk. Frå kommunen som organisasjon, det spennande næringslivet, til korleis det ser ut her, fortel ørstingen.– Bygda er balsam for sjela, held Kriken fram, og […]

Ekte jernmenn

Den store styrkeprøven Ironman 70.3 i Haugesund, besto den kondisjonssterke trioen frå Austevoll med glans. – Ei fantastisk oppleving, Haugesund by var snudd på hovudet til ein enorm folkefest, fortel Trond Solbakken. I gatene var det tusenvis av folk som både heia fram og hadde møtt opp for å få med seg den store hendinga. […]

Noregs eldste feide

Striden mellom gardsbrukarar og rovdyr er meir dagsaktuell enn nokon gong, men du må ikkje tru det er eit nytt fenomen. Arkeolog Anders Magne Rabben tek med Marsteinen for å sjå korleis austevollingane forsvarte buskapen i fordums tid. – Onkelen min, som vart 93 år, fortalde meg at dei la ut åte festa på ein […]