Nyheter

Høge radonverdiar i nyskulen

Dryge seks månadar etter at nye Selbjørn skule vart opna, viser radonmålingar verdiar som krev at tiltak vert sett inn. Vaktmeisteren meiner det ikkje er grunn til panikk.

Tap i toppkampen

Både damene og herrane til AIK gjer det skarpt i divisjonane sine. Medan herrane framleis er utan poengtap, gjekk damene av banen utan poeng for fyrste gong.

Freding i gamle sjøhus

I Fagerbakkevågen har ei rekke med gamle sjøbygg vorte freda av Hordaland fylkeskommune. Strenge krav til fasadeendringar høyrer med, men det gjer òg tilskotsordningar for vedlikehald.

Rocka Festspela i Bergen

Vincent Veivåg (15) fekk dobbel applaus og trampeklapp etter maktdemonstrasjon under dei unges festspeldag onsdag ettermiddag. – Du kjem til å få eit kult liv, utbryt konferansier Heidi Marie Vestrheim etter Vincent si rå framføring på scena i Logen teater. Ei scene mange legender har stått på før han. Sju av dei mest erfarne musikarspirene […]

FULLVERSJON: ShoreConnection utvidar

Ti år etter at Johnny Rabben stifta ShoreConnection har selskapet fått nye eigarar. Det gjev meir steam på kjelen. Dobling av talet på tilsette er like rundt hjørnet. Gründerfasen er eit tilbakelagt stadium for ShoreConnection. Etter eit tiår med hovudsatsing på dekkrørslesensorar og -monitorar, spesielt mynta på helipads til skip og riggar, er selskapet kjøpt […]

Inge sin store dag

I Bekkjarvik torg vert han sett på som den reinaste superhelten. Laurdag kan Inge Halstensen ynskja austevollingane og andre vener velkomne til Bekkjarvik bryggje, men festspillkonsert som toppen av kransekaka.

Mellom planar og blyant

Ein livleg fantasi kjem godt med når du er arkitekt. Det seier Hanne Nygaard ved Tippetue Arkitekter. Denne veka tok kontoret deira på Storebø imot tre ungdomsskuleelevar på fagdag.

Mjølkebønder med smil

Dei fem aktørane som driv med mjølkeproduksjon på Huftarøy har alle sitt å stri med, men er samd om at det er eit godt yrke, og eit trygt levebrød. Les meir om bøndene i dagens avis.

Soga om Ledga-Brigt’n

Å vera legdeslem, altså å gå få hus til hus for å bu og gjera småjobbar, var ein vanleg lagnad for folk som fall litt utanfor samfunnet på 1800-talet. Ingebrigt Salomonsen Økland frå Hundvåkøy var ein av desse. I løpet av eitt år kunne han skifta hus opptil 160 gongar.

Drukningsulukke i Bekkjarvik

– Det er eit dødsfall, seier politiet til Marsteinen.Personen er henta opp på maleflåten bakpå «Slåtterøy», og er delvis dekka til av ein svart sekk når lokalavisa sin utsende er på staden.– Vidare tek dei personen på ei båre og om bord i «Rygervakt», seier Trond Hagenes.Mannen skal ikkje vera lokal, og skal i fylgje […]

Skansen i hagen

Lars Teigen er ein bestefar for seg sjølv. I hagen til barnebarna har han bygd ein kopi av Skansen brannstasjon i Bergen, som Henrik (6), Jenny (3) og Ida (3) leikar i kvar einaste dag.

Kokken Tor

Han er langt meir i mental likevekt enn namne- og yrkesbroren i De Lillos-songen. Det er noko av grunnen til at Tor Harald Rysjedal (40) no er verdsmeister Geir Skeie si høgre hand i Leirvik.

Frå joystick til workstick

Merdvasking med australske vaskerobotar, styrt frå pilotseter høyrest meir ut som eit dataspel enn realiteten, men for gjengen på «Ringasund» er det kvardagen. Skjønt, dramatikken i animerte spel uteblir gjerne.

Blått lys for Austevoll?

Kommuneproposisjonen som kommunal- og fornyingsminister Jan Tore Sanner (H) la fram i går, gav ingen eintydige svar på kvar Austevoll endar 1. januar 2018. Med det vert diskusjonen sparka i gang.

Pop med noko attåt

Donkeyboy vert ikkje berre det største namnet på årets Havfest, men kanskje det mest suksessfulle bandet som har kome til øyane i festivalen si fem år lange historie. Festivalsjef Håvar B. Haugland ser derimot mest fram til at eit 17 år gamalt stjerneskot frå Os skal stå på scena i Gamle prestagardshagen.

Fare for ferjestreik i Austevoll

Dersom ikkje NHO Sjøfart vert samde med sjøoffiserane og maskinistane om innanriksoppgjeret innan midnatt, kan det verta ferjestreik i Austevoll frå i morgon av. Det seier administerande direktør i Fosen Namsos Sjø, Grete Fuglem Tennås, til Marsteinen i kveld.– MF «Trondheim» vil gå som normalt fram til klokka 10.15. Dersom streiken inntreff, vil ferja då […]

Høge forventingar til Ørjan

I går leverte Ørjan Johannessen og kokkelaget frå Noreg sine to rettar i kokketevlinga Bocuse d’Or. Sjølv om jurykjenninga ikkje kjem før i kveld, fekk dei norske kokkane meir merksemd enn nokre av dei andre, og laget står tydeleg høgt i kurs mellom dei europeiske elitekokkane.

Inviterer til fredingsområde

Marine verneområde gjev eventyrlege resultat for hummar og fisk. No inviterer Fiskeridirektoratet kommunane med på laget. Etter berre fire år er bestanden av hummar inne i verneområda tre og ein halv gang så stor som før fredinga. Gjennomsnittstorleiken i felta er òg auka med 13 prosent, og ringverknadane til utanfor verneområda kan òg merkast. Desse […]

Vil ta fortida med inn i framtida

Det er dags for eit oppdatert, moderne lokalhistorisk bokverk, meiner etnolog og kulturvitar Kristin Magnussen. Det byrjar å verta ei stund sidan ætte- og kultursogene om Austevoll kom ut på 1970- og 80-talet. Verka er gamle, både i alder og i kvalitet, og står godt grodde fast i fleire bokhyller i austevollske heimar.– Lokalhistorie har […]

Musikk og MTB

Møt Nils-Ove Sørvik, stolmaren som blomstra opp som hobbymusikar i vaksen alder. Men før han kom så langt måtte han gå på grunn …

Costa Blanca som klasserom

– Det er verd å byrja på stud.spes ved Austevoll vgs berre for å få vera med på språkreisa til Spania, seier Hanne Kaland (17). Tysdag kom klassen hennar heim etter ei veke i Albir.

Gliste for skulen

Nævdal yrkesbygg får reisa ny skule på Storebø. Skuleelevar, tilsette og ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) smilte om kapp då vedtaket vart markert på onsdag.

Stjerner i skuletida

Over 30 elevar frå Storebø skule opptredde under den interne tevlinga Scenen er din, eit årleg arrangement ved skulen. Sofie Horgen (12) og Malin Torsvik (8) fekk dei gjævaste prisane.

Naturleg vedundermedisin

Karsten Inge Møgster har kjøpt helsekost til laksen sin, i form av bittesmå rognkjeks, som er effektive mot lakselusa sjølv ved låge temperaturar.

Pallekongen

Etter 21 år på Storebø har Frode Aarland (46) endeleg kjøpt seg ei eiga leilighet. Med det er det berre éin ting som manglar: Ein konsert med TNT, no som Tony Harnell er attende bak mikrofonen.

Tusenårgamle brotsverk

Anders Magne Rabben har valt seg ut fire nyr historiske funnstadar til spekulering og resonnering. Av bronse- og steinaldergravene er det dei færraste som har kome seg gjennom to århundre utan plyndring.