Nyheter

Lys framtid for ungt firma

DG Marine sjøsette nyleg to flunkande nye arbeidsbåtar, som vert frakta til Lerøy Midt sine oppdrettsanlegg ved Hitra i løpet av dei neste vekene. Det har vore eit hektisk, men svært godt fyrsteår for selskapet DG Marine, som held til i Bekkjarviksundet. Til no har dei levert éin båt til naboane i Sjøtroll Havbruk, medan […]

Forskarane vende seg ut

I strålande sol kunne forskarane ved Havbruksstasjonen ta i mot pressefolk og kollegar og visa fram fasilitetar og prosjekt. Høvet var utgjevinga av den årlege havforskingsrapporten.

Straks på vegen

Austevoll sykkelklubb er i ferd med å runde av vinteren og flytta seg ut på vegane med treningane sine. Med nytt styre bak styret er det òg nye satsingsområde.

Vandring med arkeologen

Steinhaugen på Kongsen er rekna for å vera ei bronsealdergrav, men kva som har ligge inni er ikkje godt å seia. At det var nokon med midlar kan arkeolog Anders Magne Rabben likevel slå fast nokon lunde sikkert.

Tid for hagesaks

Dei av oss som har erverva ein hage, men ikkje veit kor me skal byrja har ein god støttespelar i produksjonsgartnaren Lindi Melling. Tida er inne for klipping av bærbuskar og påfylling av jord.

Symjer som fisken

I helga var symjegruppa frå idrettsklubben på symjestemne. På Ågotnes, Sotra viste mange av austevollingane at dei nærast er fødde med symjehud mellom fingrar og tær. Totalt deltok elleve symjarar frå øyane, i alderen 10 til 13 år. Totalt fekk symjegruppa med seg fire gull, fire sølv og to bronsemedaljar, opplyser dei til lokalavisa, og […]

Lettare å byggja på og reisa garasje

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) melder at regjeringa vil gjera det lettare å byggja på huset eller reisa seg ein garasje. – I løpet av året vil grensa for tiltak det ikkje trengst å søkjast om, aukast frå 15 til mellom 40 og 50 kvadratmeter, alt etter kva me kjem til semje med dei andre […]

Med jerna i Austevoll

Silje Bowitz Isager er nyaste tilskotet i staben til lensmann Per Nordstrand. Sjølv om vikariatet er så vidt byrja, ser ho heilt klart føre seg at ho vil søkja på den faste stillinga når ho vert lyst ut.

Rir om ei veke

Om ei veke skjer det, årets store arrangement signert Austevoll ungdomsskule. Sjølv om elevane gjerne ikkje kjenner seg heilt klare enno, er dei sikre på at øvingane frå måndag av vil gjera susen.

Zzzapp

Botox, laserstråling, sminketattovering og kraniemassasje. Marsteinen sin skrivar, Marius, la seg uvitande i stolen til Vossavelvære på Storebø – alt for skjønnheita og eit intervju.

Rimesmeden fortel

Å årevis har Elias Fondenes (87) bore på minne om ein vanskeleg barndom prega av fattigdom og krenking.– Men no vil eg opna den ventilen som har vore lukka så lenge.I to delar vil Marsteinen fortelja historia til Elias, ut frå hans eigne skriveri. Fyrste del får du denne veka.

Ingen klare svar

Mons-Ove Hauge og resten har Høgre-politikarane fekk ikkje særleg avklarande svar om tilstandsrapportane som vart haldne borte frå politikarane. Likevel tok administrasjonen på seg skulda, og la dermed ballen daud. I alle høve fram til møtet i kontrollutvalet i dag.

Etterlyser utgreiing om nye ferjer

I fylkestingsmøtet denne veka vart det nye ferjeanbodet diskutert, nærare bestemt kva anbodet skal innehalde i form av kvalitet og krav. – Det vart sagt på møtet at det er dei same gamle baljene som går rundt i bergenssjøen som gjekk til Askøy i si tid, fortalde Terje Søviknes, representant for Framstegspartiet. Han la fram […]

Snart slutt for kulturskuletimen

Fjerdeklassingane i Austevoll dette skuleåret er dei einaste som får tilbod om kulturskuletimen.– Det er keisamt at dei kuttar ut kulturskuletimen. Men bra at me får vera med på det vertfall, seier Tobias Vassnes (10). Han har fått meirsmak på kulturskulen etter introduksjonsordninga i etter skuletid om fredagen, og kan tenkja seg å byrja å […]

Den store skogryddinga

Det var ein gong ei øy som var overgrodd av sitkagran. Men så kom svenskane.Bli med ut på trehogst i dagens avis!

Spirer i turlaget

Fritt og inviterande ligg skog og mark og ventar på ivrige turgåarar. Og det lokale turlaget med Regina N. Vestrheim i brodden gjer sitt for å lokka ut folket. Gratis er det òg.

30 000 epostar i innboksen

Lysglimt har denne veka flytta e-posttenestene sine heim til Austevoll, og overgangen har ikkje vore heilt utan hovudbry. Dei velkjende @lysglimt.net-adressene har sidan oppstarten vore ei framandteneste for internettleverandøren i Austevoll, og vore husa av det som i dag heiter Broadpark. I fjor fekk Lysglimt melding om at tenesta kom til å auka dramatisk i […]

Eldrebustadar i vinden

Dei nye bustadane i og over Bekkjarvik torg har for vel ikkje fått opna dørane før vitjarane står i kø. I går kom ein delegasjon like frå Lillesand for å sjå på eldrebustadane i Austevoll. Eldrebustadar og strandsonepolitikk var opphavleg på agendaen då arbeidsgruppa for eldrebustadar i Lillesand vitja Austevoll, men diskusjonen svinga godt innom […]

Kjelkane klare for Paralympics

Ole Bjarte Austevoll og resten av kjelkehockeylandslaget er på plass i Sotsji. Tidleg laurdagsmorgonen spelar dei opningskampen mot Tsjekkia.– Fysisk er me eit sterkt lag, så eg håpar me skremmer motstandarane litt, slik at dei tekdårlege val, seier austevollingen til Marsteinen. Biletet er frå Paralympics i Vancouver i 2010, då dei norske karane fekk bronse […]

ASV gjer reint golv

Anbodrunden for vasketenestene i kommunen er avslutta, og heile to aktørar har levert tilbod. Den eine vart diskvalifisert på målstreken for ikkje å ha fylt krava for anbodet. I føreskrifta for offentlege anskaffingar heiter paragraf 3-12 at oppdragsgiver kan begrense konkurransen til virksomheter hvor flertallet av de berørte ansatte er funksjonshemmede. Elite servicepartner var såleis […]

Reiselysten med sans for menneske

Mary Bjånesøy (21) nyt studentlivet i Rocky Mountains, og tek livet som det kjem.Møt Storebø-jenta i spalta «Kor vart dei av?» denne veka. På biletet er Mary i Grand Canyon, Arizona.

Dagsenteret opna

I dag var det opning av dagsenter-tilbodet ved Austevoll po-senter. Tre dagar i veka køyrer ein minibuss rundt og plukkar opp eldre austevollingar frå heimane sine, slik at dei kan vera med på arrangementa på Storebø.Aslaug Aarland (snart 90) og Annemor Aarland (83) vart henta med bussen i Kvalvågen, noko som var til stor glede […]