Nyheter

Dårleg fiskeriår

Fiskarane meiner det er godt med fisk i havet, men små kvotar og dårlege prisar på dei viktige fiskeslaga gjer 2013 til eit smalhansår for ringnótflåten.

Framskundar investeringane

Det manglar slett ikkje på politisk vilje når Framstegspartiet legg fram budsjettet sitt. Både nye skular, basseng, lokalmedisinsk senter og brannstasjon vert med vidare i prioriteringa.

Generasjonsskifte på Husflidskrokjen

Etter å ha drive Husflidskrokjen sidan midten av 1980-talet, gjev Aud Brügger Bjånesøy stafettpinnen – eller kanskje me heller skal seia strikkepinnen – vidare. Når dørene opnar på måndag, er det Karoline Blix som står klar.

Ein glede, vær så god.

– Kvifor er det flaut å gleda ein framand? Fordi me er for dårleg trente i det! var meldinga frå folkehelsekoordinator Regina Njåstad Vestrheim. Fredag i førre veka fekk elevar, og vaksne for den del, i oppdrag å gå ut og gleda. På Austevoll ungdomsskule var regionsleiar i MOT, Martin Aas, på pletten att for […]

Test av juleøl

I helga samla eit balansert puslespel av austevollingar seg på Tonnings mathus i Bekkjarvik med eitt mål for augo: Å smaka seg fram til det beste juleølet av året. Lade Gaards Brygghus Juleøl sterk type scora samanlagt best på alle punkt.