Dermed er det berre formalitetar som står att før Austevoll kommune får sin fyrste kvinnelege ordførar, etter kommunestyremøtet 4. november. Neste steg er vedtak på årsmøtet i partiet torsdag i veka som kjem.
Før møtet i går var spørsmålet om kven som skulle ta over ordførarklubba eit ope spørsmål, då ei handfull personar innad i kommunestyregruppa deira ynskte Olav Jarnes som ordførar. Dette vann dei med andre ord ikkje fram med.