HAN og MS01

Helge André feirar stortingsplass med brus

HAN og MS01
Helge André Njåstad flyttar til Oslo i midten av oktober, då han i tillegg til Gjermund Hagesæter vert Hordaland sine stortingsmandatar frå Framstegspartiet.

– For min del feirar eg med brus. Allereie i morgon skal eg på møte i sentralstyret, seier Njåstad. Ordførarstolen i Austevoll har han heilt til formannskapet gjer eit nytt val i byrjinga av november.

Det er 16 år sidan Magnus Stangeland var ferdig som stortingsrepresentant. I kveld var den pensjonerte Sp-politikaren å finna på Frp si valvake i Drengastova.
– I kveld feirar eg med alle. Eg trur Helge André har den ballasten han treng for å vera synleg på Stortinget, og han må kjenna at austevollingane støttar han, seier Stangeland til Marsteinen.

I Austevoll fekk Framstegspartiet 25,1 prosent av stemmene, medan det var Høgre som sigra med 37,3 prosent. Totalt stemte 2738 austevollingar ved stortingsvalet.

Meir om valet kjem i Marsteinen på torsdag.