Nyheter

Møgster Klepsvik vann kampen

Seint torsdagskvelden kunne Framstegspartiet si kommunestyregruppe melda at dei samla hadde stilt seg bak Renate Møgster Klepsvik som partiet sin ordførarkandidat, etter Helge André Njåstad sin sorti frå ordførarkontoret. Dermed er det berre formalitetar som står att før Austevoll kommune får sin fyrste kvinnelege ordførar, etter kommunestyremøtet 4. november. Neste steg er vedtak på årsmøtet […]

Dramatisk rundt ordførarstolen

I korridorane har Olav Jarnes sigla opp som Framstegspartiet sin ordførarkandidat. Det var ikkje Renate Møgster Klepsvik informert om då Marsteinen intervjua henne tysdag. Ho har av mange vorte sett på som den naturlege etterfylgjaren til Helge André Njåstad dersom han vart vald inn på stortinget. Allereie i kveld kan avgjerda bli fatta av Framstegspartiet.

Får nytt tak til våren

Den gamle nóthengja i Bekkjarvik er i dårleg forfatning med tak som lek og knuste vindauge. Eigarane lovar å skifta taket når det vårast.

Verdifulle ferjekort

Mistar du ferjekortet ditt, kostar det 250 kroner å sperra det. I tillegg tek det to månader før du får dei attverande pengane dine tilbake.– Dette er heilt idiotisk, seier ein reisande til Marsteinen.

Blant dei beste i Europa

Trass i at han berre er 13 år gamal, har Halldor Stenevik allereie vunne Norway cup og spelt mot gutelag til storklubbar som Juventus og Marseille.– Halldor er blant Europas beste fotballtalent, seier David Nielsen.

Kastar kappa

Her vert eg ikkje lenge, var det fyrste Terje Dale tenkte då han kom til Austevoll 1996. Men så var det desse ferjeturane, då.Etter 17 år i soknet, går han av med pensjon. Møt tjuaguten med den fyldige manken i Marsteinen.

Kraftfulle Kristian

Unge Kristian Ullahamar (t.v.) vart sjølve bærebjelken då Austevoll revygruppe heldt den andre framsyninga si gjennom verdshistoria. Til høgre Britt Jarnes som gamal grabukk.

Flaggrute-slutt uroar reiselivslaget

Pendlarar til og frå Bergen treng ikkje engsta seg over at Flaggruten vert lagt ned frå 1. januar 2014, då det kjem tilsvarande ruter frå Austevoll. Men rutene frå Stavanger går ut. Det uroar reiselivslaget og Bekkjarvik gjestgiveri.

Kritisk til reinhaldet

Både Høgre og Arbeidarpartiet har sterke innvendingar mot kontrakten på reinhald mellom Austevoll kommune og AB Solutions. Ordførar Njåstad (Frp) lover betring.

Spring for brystkreftforsking

Oktober er tida for Rosa sløyfe-aksjonen. I Austevoll vert markeringa tydlegare enn nokon gong før, med mellom anna ein stafett. Magdalena Hevrøy Storebø og Rebekka Østervold søkjer fleire gravide til å fylla opp laget sitt.

Rund dag for gamleskulen

Det er i år hundre år sidan Storebø gamle skule var nyeskulen, og husa opptil heile 35 elevar. Men heller ikkje den gongen var det problemfritt å byggja ny skule. Asbjørg Solberg (82) har på eiga hand forska litt på hundreårsjubilanten.

Sikra tre livsviktige poeng

AIK oste av vinnarvilje i dag, og med fire scoringar kunne dei gå av banen med tre velfortente poeng. Sigeren tek dei bort frå botnplassen i divisjonen. Trond Heggestad, Tord Harald Skår, Inge André Rabben og Henrik Melingen var blant dei beste AIK-arane i dag, saman med målvakt Harald Østervold som verkeleg visste å plassera […]

– Blir aldri reint

Astmatikarar og elevar med alvorlege lungesjukdomar massar i hybelkaninar og dårleg reinhald på ungdomsskulen. AB Solutions insisterer på at dei har gode system som òg skal fungera i Austevoll. Les meir i avisa denne veka.

Presten flyttar heim

Etter elleve år som sokneprest i Austevoll, har Kjell Asle Børnes takka for seg. Soknet i Sund kan derimot ynskja presten velkommen heim. Les presten sine tankar ved vegskillet hans.

Shopping-gründarar

Saknet Camilla T. Haugland og Jannike E. Østervold hadde etter eit breiare utval i klede og interiør på internett, bar frukter. Om kort tid opnar dei ei virtuell handlegate full av nisje- og uavhengige butikkar.

Tek inn vatn ved kai

«Vendla II», den gamle fiskebåten til reiarlaget Vendla AS, tok i dag inn vatn i maskinrommet. Båten ligg til kai i Torangsvpgen, og brannvesenet er travelt opptekne med å tømme maskinrommet for vatn. – Det pågjekk ikkje arbeid om bord og me veit ikkje kva lekkasjen skuldast, kommenterer Morten Njåstad frå reiarlaget overfor lokalavisa. Klokka […]

Helge André feirar stortingsplass med brus

Helge André Njåstad flyttar til Oslo i midten av oktober, då han i tillegg til Gjermund Hagesæter vert Hordaland sine stortingsmandatar frå Framstegspartiet. – For min del feirar eg med brus. Allereie i morgon skal eg på møte i sentralstyret, seier Njåstad. Ordførarstolen i Austevoll har han heilt til formannskapet gjer eit nytt val i […]

Lokale resultat: Ingen Helge André-effekt for FrP

Høgre er den store lokale valvinnaren, medan Framstegspartiet har gått massivt attende trass i Helge André sitt kandidatur som stortingskandidat. Her er tala si tale:H  37,3%( +9,3)     1 019 Frp 25,1% (-8,8)     686 Ap 16,6%(-1,9)     454 KrF 10,7%(+2,4)     291 Sp 2,9% (-2,0)     78 V 2,6%(-0,5)     72 SV 1,6%(-0,1)    […]

Deprimerande arbeidstilhøve

Effektivitetskrava i reinhaldsbransjen er kome til Austevoll. Dei tilsette i AB Solutions meiner dei vert skammeleg handsama av selskapet, med både psykisk og fysisk slitasje som resultat.

– Ein varsla katastrofe

Fyrste etasje i Nordstrandbygget er stengt. Årsak: Nyleg funn av helseskadeleg muggsopp.– Heile saka lid under ei politisk avgjerdsvegring, seier rektor ved Storebø skule Bjørn Kristian Bjånesøy.

– Framleis i rørsle

Helge André Njåstad er berre nokre få dagar frå å vita om Framstegspartiet sankar nok stemmer til at han får Stortinget som arbeidsplass om nokre månadar. Han tek ikkje plassen for gitt.

Stor glede over liten fisk

Jakta etter små fiskar trekte ikkje berre barn, men både foreldre og besteforeldre til bryggekanten i Gråsidalen under Kom deg ut-dagen.

Komlefrelsaren

Identitet og nostalgi er stikkord i denne kjærleikshistoria, som er skriven med ein personleg og humoristisk penn.Les bokmeldinga av Kjartan Brügger Bjånesøy si «Komlelandet; ei reise i raspeballen sitt kokevatn» i Marsteinen.