Nyheter

Blendande kulturopplevingar

Det var duka for gode opplevingar både på Marstein fyr, i Hengjo og i rosehagen til Inge Halstensen då Festspillene i Bergen sende satellitten sin ut i havgapet. På biletet har journalist Marie H. Mundal foreviga Austevoll mannskor i sitt ess.

Trugar med stenging

Det vart nærast uleveleg i Steinavika etter eit produksjonsuhell ved Hordafor i førre veke. Fylkesmannen trugar no med stogg i produksjonen.

Bør ikkje låna meir

Fylkesmannen i Hordaland meiner at Austevoll kommune ikkje bør auka lånebelastninga si med 200 millionar for å reisa ny skule og symjebasseng.

Målorgiar i bedriftsforballen

Du verda kor hyggeleg det er med bedriftsforball, og om det blir ti minusmål på 50 minutt gjer det ikkje så mykje.Bli med redaktøren på oppdrag når gutta i Rolls-Royce viser oppdrettsarbeidarane kve dei er gode for.

På reservetanken

Me har kome til femte månaden i året, og allereie er dei kontraktfesta sju vekene ferje to er ute av kommunen for verkstadavlasting oppbrukte. No er Skyss og Fosen Namsos villreie for den siste verkstadveke som er planlagd til hausten, og ordføraren er ikkje imponert.

Siste bleieskift på Rabben

Rabbagasten barnehage stengjer dørene for godt til hausten, og dei små skal overførast til Bekkjarvik maritime FUS barnehage. Trist, men naudsynt, seier eigaren.

Abelone på lerretet

Når fem avgangselevar ved Noregs kreative fagskule om få dagar leverer inn eksamensoppgåva si, er det ein kortfilm om Abelone Møgster som vert sendt til sensur. Skodespelarane er austevoll- ingar, må vita.

Fest og spel i Austevoll

I helga vitjar Festspillene i Bergen Austevoll for fyrste gong, med eit program skreddarsydd for omgjevnadane.Les om artistane og få full oversikt over programmet i dagens avis.

Mektige marginar

Lysekloster hadde tilsynelatande høgare makter med seg då dei gjesta Eidsbøen. Heimelaget på si side viste meir vilje enn finspel då dei til slutt gjekk på sitt tredje heimetap på fire forsøk.

Program for 17. mai

Full oversikt over tid og stad på alle 17. mai-arrangementa rundt om i Austevoll, finn du i dagens Marsteinen.Uansett kvar du skal, hugs å ta kamera med deg! Marsteinen ynskjer lesarane sine 17. mai-foto, og av alle bileta me set på trykk trekkjer me ut ein vinnar som av eit gåvekort på 1 000 kroner. […]

Storebø vs. Eidsbøen

– Eg vil ikkje sjå fleire svarte hol på Storebø. Vert skulen flytta her frå, trur eg jammen at eg flyttar eg òg, appellerte Magnus Stangeland under informasjonsmøtet om framtidas skule i nord.Møtet vart helst i regi av Austevoll kommune, som ynskjer innspel frå folket før kommunestyret 18. juni tek stilling til den vidare skulestrukturen.Høyringsfristen […]

Reinare idyll

Lunnøy og dei små holmane rundt er ein av indrefiletane i Austevoll-skjergarden. Sjuandeklassingane på Selbjørn sytte denne veka for at gamal plast, tau og anna søppel ikkje skjemmer vikane der ute.

Kvar er barnehagebussen?

Då Trygge barnehager i 2010 vann fram anbodsrunden med å byggja ny barnehage på Storebø, var ein fellesbuss for dei tre FUS-barnehagane i kommunen og oppgradering av førarkort til to tilsette ein del av tilbodet deira. Halvanna år etter barnehagen opna dørene, er ingen buss kome.– Om barnehagane vil ha buss, må dei betala han […]

Levande relikvier

På det gamle smoltanlegget ved Kvernavatnet på Storebø har radarparet Per Jakobsen og Tore Bjånesøy starta fosterheim saman med eit knippe tilsette. Det eldste fosterbarnet er truleg rundt 200 år, men held seg godt. Det er nemleg muslingar det er snakk om.

Rik song på Selbjørn

Seks minutt på overtid kom dei på scena – ti revyaktørar og to musikarar kledt i finstasen. Men det er heilt greitt å venta, for dei ville ha venta på meg òg.

Tre gutar på tre minutt

Håvard Skår og Hilde Hodneland fekk beint fram sjokk under ultralydundersøkinga 4. oktober i fjor. I magen var det ikkje mindre enn tre små pumpande hjarte. No er Cornelius, Ludvig og Øyvind tre månadar gamle, og Vilja (3 1⁄2) tek rolla som storesyster seriøst. Møt familien i dagens avis!

Landslag storkoste seg

Det var tett mellom stjernene då landslaget i telemarkkøyring besøkte Møkster i helga. Der vert det sjølvfanga gourmetmat og friske opplevingar, der Odd Inge Austevoll hadde regien.

45 garn i tobiasen

Odd Ansgar Aarland held dampen på sjøen etter mest 35 år. Er fangsten god går han til Brandasund og får betaling til kjøtkaker, elles vert det nytrekt på tallerken.

Apotek tilpassa lokalmiljøet

– Eg veit ikkje om eg ville teke fatt i utbygginga av senteret om det ikkje hadde vore for at me då kanskje fekk eit apotek, sa Inge Halstensen i tala si før den offisielle apotekopninga onsdag.

Russ i 1959

Det er ikkje mange russ å finna i Austevoll i dag. Det var andre tider før, då Magnus Stangeland gjekk ut av realskulen på Storebø. Med grøne huer og bambuspinnar feira ungdommen skulegangen sin. Sjekk ut russefeiring for 54 år sidan i dagens avis.

Herlege heldiggrisar

Sjå bileteshow her ! God stemning, forrykande lysshow og Nils-Ove er sexy.I Marsteinen på fredag kan du lesa meir om konserten i Gamle prestagardshagen.

Meir erfaring enn utdanning

Å få utdanna førskulelærarar i stillingane, er vanskeleg for fleire av Austevollbarnehagane. I Rabbagasten er det berre styrar Linda Øye Lauvik som har førskuleutdanninga. Ho meiner at det med god kommunikasjon og godt samarbeid mellom dei tilsette, likevel går bra. Her er ho saman med pedagogisk leiar på dispensasjon, Hege Johansen, som har vore tilsett […]

Ven «Vendela»

Fiskebåtar er ikkje det dei eingong var. Nye ”Vendla” ruvar godt ved kai på Fitjar, og ventar på å bli innreia, strigla og klar til overlevering om tre månadar.

Sporty seniorar

No kjem våren til Hallingdal av Hellbillies strøymer ut av høgtalarane i det ni tilårskomne byrjar veka med ei spinningøkt på Livsstilsenteret. Halvparten av dei har treningssyklar heime òg, men dei står helst til pynt.Bli med seniorane på gym i dagens avis.

Ballen spratt ikkje AIK sin veg

I 21 minuttar fekk Austevoll bortelaget Åkra til å sjå ut som eit smågutelag, så kosta ei personleg blemme og ein susar i krysset for eit vanskeleg utgangspunkt.Les kampreferatet i dagens Marsteinen.