Orjan1nett

Femteplass til Ørjan

skuffaorjan

Ein tydeleg skuffa Ørjan Johannessen på veg til å motta fiskeprisen, noko som etter alt å dømma betyr ein plass utanfor pallen. Og slik vart det, femteplass til nordmannen til slutt.

Eivind Hellstrøm advarte tidleg på dagen mot sterke franskmenn og japanarar, og det skulle visa seg at han hadde rett. Sterk heimesiger, med danskane på sølvplass og særs nøgde japanarar på bronse. Storbritannia stakk av med fjerdeplassen framfor Ørjan.

Marsteinen serverer nokre av inntrykka våre frå den store konkurransen i avisa i morgon.

PublikumLyon1

Klokka ti var det allereie galskap på tribunane. Britane hadde med seg messingblåsarar som halvsurt spelte Rule Britannia, men òg japanarane har ein sterk heiagjeng med seg.