Nyheter

Ny rektor på plass

I dag trer Vivian Bjånesø Horgen formelt inn i stillinga som rektor ved Austevoll vidaregåande skule.– Eg er svært audmjuk i den nye stillinga. Det vert store sko å fylla, seier 39-åringen og viser til mangeårig rektor og nære kollega Håvard Rabben, som gjekk bort i september. Saman med nypensjonerte Svein Aasebø, som det siste […]

Heider og grunkar til Ørjan

Det var fleire som ville heidra Austevolls eigen kjendiskokk Ørjan Johannessen på Bekkjarvik torg i dag. Fyrst ut var Geir Bergflødt frå den lokale Lionsklubben, som hadde ein heiderspris med til kokken. Prisen vert år om anna delt ut til ein austevolling som har sett kommunen sin på kartet.– Det var eit lett valg for […]

«Gardar» seld til Grønland

Reiarlaget K. Halstensen har seld ringnótaren «Gardar» til Grønland. Fiskarane frå kajakken sitt heimland var på jakt etter eit skip med fabrikk om bord, noko den austevollske båten hadde. – Me har sett at me sjølve ikkje har fått nok utbytte av fabrikken om bord. Vidareforedlinga har ikkje kasta nok av seg, seier reiar Inge […]

Strøsand mot lårhalsbrot

Dei aller fleste lårhalsbrota skjer like utanfor inngangsdøra til folk. Dette vil Austevoll kommune saman med den lokale Lions klubben og Trelasten gjera noko med. I løpet av dei komande dagane vil alle heimebuande austevollingar over 80 år få besøk av representantar frå Lions klubben på døra. Med seg har dei ei bøtte med strøsand.– […]

Havet som heim

Etter 58 år på fiske, vart Henry Kolbeinshavn i ein alder av 72 år jaga i land. Hadde han levd livet sitt om att, ville han valt fiskeriet på nytt.Møt den legendariske basen i Marsteinen sitt julenummer.

Slutt for AB Solutions

Eit drygt år ut i anbodsperioden, er Austevoll kommune og AB Solutions vorte samde om å avslutta kontakten. No blir tenestene lagt ut på nytt anbod.

Vinning til spinning

Austevoll arbeidssamvirke tilbyr i dag ei rekke med attbrukstenester i lokalsamfunnet, men ser litt for ofte at miljø- og økonomivinsten forsvinn i bossutgifter.FOTO: Råten materiale ligg utover heile parkeringsplassen til Austevoll arbeidssamvirke.

Siger til Simen (10 år)

Simen Mikkelsen (10) og teikneserien Babyhodet feirer jul vart kåra til vinnaren av Marsteinen sin teikneseriekonkurranse. Vinnarserien ler du i dagens avis.Utover i 2014 vil me trykka alle dei 39 bidraga som vart vurderte av juryen. Denne veka kjem dei fem fyrste!

Fasit på barnesider

Spoiler-alert! Her er fasiten på barneoppgåvene på side 12 og 13 i Marsteinen sitt julenummer.

Kulturprisen til Havfest-generalen

Håvard Brekke Haugland fekk i dag Austevoll kommune sin kulturpris for 2013 for arbeidet med Havfest. Festivalsjefen held no på med å førebu den femte festivalen i Gamle prestegardshagen. – Eg må innrømma at det kom ei lita tåre i augekroken, sa hovudpersonen til lokalavisa etter at gåvesjekk, blomar og vase med godord var motteke […]

Vil satsa på villsauen

Slakteri på øyane kan verta ein realitet, dersom Austevoll kommune og fylkesmannen lukkast med stimuleringspakka si. Før ein kjem så langt kan foredling av slakta dyr verta ein realitet. Det er ynskjet til villsaubonde John Inge Vik (biletet).

Jul i flaskene

Hadde det berre vore éin variant av julebrusen, ville det vore greitt. Men slik er det jo ikkje. Fem tolvåringar har blindtesta åtte forskjellige julebrusar for Marsteinen, og gjeve dei terningkast etter smak, farge, lukt og julekjensla drykken gav dei.

Vil heller gje enn få

Sjuandetrinnet ved Storebø skule har ikkje ein tradisjonell julekalender i klasseromma i år. I staden for sjølv å få pakkar, brukar dei månaden på å samla inn pengar til tyfonofra på Filippinane.

Tedragen på vengjene att

Å få seg ein eksepsjonelt god kopp kaffi er ikkje lengre noko utfordring etter bylgja med kaffibarar dei siste åra. Men kor går du for ein kopp keisarleg grøn te, trekt etter kunstens reglar? Nils Are Drønen og kompanjongane hans i Tedragen har teke saka i eigne hender.

Husavik-ferja gjekk på grunn

Ferja «Marstein» gjekk i ettermiddag på grunn ved Husavik, like før klokka 18:00. Passasjer Bjarne Brevik sat i salongen då ferja støytte på grunn ved Tobbeholmane. – Det vart ein brå stogg, men eg opplevde ingen dramatikk, seier Brevik som var med ferja saman med eit arbeidslag frå entreprenørselskapet Sagenes. Lensmann Per Nordstrand fortalde til […]

På plass blant ministrane

Det er ikkje berre Amund Drønen Ringdal som har fått det som plomma i det politiske egget i Oslo. Me har òg vitja Morten Storebø og Helge André Njåstad i ein travel politisk kvardag.

Moderne frå Stangeland

Slik vert Indreholmen sjåande ut om få år, dersom Flyfisk med Magnus Stangeland i spissen får det som dei vil.– I januar er dei fyrste båtplassane klare for sal, seier Nina Stangeland, dagleg leiar i selskapet.

Handelen er i gang

Det ringjer inn til jul, enten om du vil eller ei, i butikkane rundt oss. Nokre kosar seg, andre sveittar godt. Og austevollingane vil svi av 50 millionar kroner i handelen før høgtida.

Skulefri i skuletida

Berre i haust har rektor ved Storebø skule handsama over 20 søknadar om å gje elevar fri, hovudsakleg for å reisa på feriar. Kommunalsjef Per Olav Sørås meiner folk skal få feriera utanfor fellesferiane, men oppmodar rektorane i kommunen bør ta tak i dei som utnyttar systemet.

Diffuse hjelmreglar

I eit skriv frå Trygg trafikk kjem det fram at 26 prosent av skulane i Noreg ikkje har klare retningslinjer på hjelmbruk i skuletida, og Austevoll er å finna i den gruppa, særleg når det kjem til skuleveg. Per i dag har ikkje kommunen klåre overordna retningsliner på trafikktrygging i skuletid, delvis av di skuletid […]

Test

Dette er ein testpost

Dårleg fiskeriår

Fiskarane meiner det er godt med fisk i havet, men små kvotar og dårlege prisar på dei viktige fiskeslaga gjer 2013 til eit smalhansår for ringnótflåten.

Framskundar investeringane

Det manglar slett ikkje på politisk vilje når Framstegspartiet legg fram budsjettet sitt. Både nye skular, basseng, lokalmedisinsk senter og brannstasjon vert med vidare i prioriteringa.

Generasjonsskifte på Husflidskrokjen

Etter å ha drive Husflidskrokjen sidan midten av 1980-talet, gjev Aud Brügger Bjånesøy stafettpinnen – eller kanskje me heller skal seia strikkepinnen – vidare. Når dørene opnar på måndag, er det Karoline Blix som står klar.

Ein glede, vær så god.

– Kvifor er det flaut å gleda ein framand? Fordi me er for dårleg trente i det! var meldinga frå folkehelsekoordinator Regina Njåstad Vestrheim. Fredag i førre veka fekk elevar, og vaksne for den del, i oppdrag å gå ut og gleda. På Austevoll ungdomsskule var regionsleiar i MOT, Martin Aas, på pletten att for […]

Test av juleøl

I helga samla eit balansert puslespel av austevollingar seg på Tonnings mathus i Bekkjarvik med eitt mål for augo: Å smaka seg fram til det beste juleølet av året. Lade Gaards Brygghus Juleøl sterk type scora samanlagt best på alle punkt.

Fire vil verta rådmenn

Fire personar har søkt på stillinga som ny rådmann i Austevoll kommune. Desse er Helge Skugstad (48), Per Nordstrand (54), Christian Sigvart Rokkestad (58) og Robert Pettersen (54).Noverande rådmann Rolf Nøstdal (62) melde tidlegare i haust at han kom til å gå av med pensjon på nyret.

Austevollingar i ulukke

Det var tre 23 år gamle menn frå Austevoll som natt til i dag kolliderte med eit frakteskip ved Askøy. Éin av dei tre er kritisk skadd. – Eg kan slå fast at dei tre mennene alle er austevollingar, seier politiinspektør Tore Salvesen ved Bergen Vest politistasjon til Marsteinen.For ein av 23-åringane er tilstaden kritisk, […]

Trillande glede

Lite er kjekkare enn fotball, om du så er seks år gamal og har spelt organisert i eit par månadar. Marsteinen fylgde dei yngste laga i kommunen gjennom den siste Austevollserien for året.

Dobbeltsjekk bilen din

Det handlar ikkje berre om å ha lys på bilen, men òg å nytta rette brytaren før ein legg av garde i vettermørkret. Politiet i Austevoll oppmodar bilistane i soknet om å gjera ein ekstra vinterførebuing på bilen utover å strekka ut kabelen til motorvarmaren. Ein liten tur framføre køyretøyet på kveldstid vil kjapt syna […]