Nyheter

Åse fekk kulturprisen

Åse Solbakken fekk i går onsdag Austevoll kommune sin kulturpris for 2012. Solbakken er framleis ei drivande eldsjel og har orden på kor som Havfruene og Austevoll mannskor, samt at ho som kjent har vore sentral ved ei rekkje framsyningar av musikalar på øyane.

Etterlyser olbogerom

Høgres Liv Bente Storebø ynskjer meir høve til opne diskusjonar om budsjett, og meiner ordførar Helge André Njåstad er for dominerande. Njåstad meiner han ikkje brukar meir tyngde enn han må. I fjoråret si handsaming av budsjettet til Austevoll kommune kom ordførar Helge André Njåstad med sterke karakteristikkar av Høgre sitt budsjettforslag. Total uansvarleg, og […]

Nybåten rett rundt hjørna

Lars Tore Skår kan sjå fram til å visa nyfikne austevollingar det fyrste nye tilskotet til den austevollske ringnótflåten sidan sommaren 2007 når «Malene S» glir inn i Torangsvågen. Går det slik reiar Malene Skår vonar, kan det skje før nyttåret. Foto. Edmund Mogstad/Kystmagasinet

Kreativ førjulskos

Gjengen frå ung husflid veit å ha det kjekt når dei møtes, denne gongen var det for å laga juleting, så klart.

Bustad med eige kraftverk

Energigarden på Hufthammer, eller Project H2O som verksemda heiter, har ferdigstilt det fyrste hydrogen-utvinningsanlegget, og ynskjer å gjera husstandar i Austevoll sjølvforsynte med straum allereie i 2013.