Nyheter

Tek opp konkurransen

Hallvard Stenevik og interimstyret i den nyoppstarta austevollselskapet HOAS har til intensjon om å leggja inn anbod på pleie- og omsorgssektoren. Med seg på laget har han Eli Torgnes Sæle, Wenche Strandå Storebø og Knut K. Kalvenes. Les om stiftingsmøtet i avisa i dag.

Herlege Herborg

Herborg Heimark, opphavleg frå Sotra, er ikkje typen som gøymer seg bort innan husets fire veggar. 90-åringen er nett som ein propell å rekna, og er med på alt ho får lov og har høve til å vera med på.

Investerer gjerne i symjehall

Næringslivstoppen Magnus Stangeland ynskjer å sikra eit 25-meters symjebasseng og tilhøyrande terapibasseng på Storebø. Norges symjeforbund ivrar òg for prosjektet. Basert på eit nederlandsk konsept, ynskjer Noregs symjeforbund å få bygd fleire hallar. Austevoll kan fort bli fyrst ute, ettersom lokale næringslivstoppane Magnus Stangeland og Helge Møgster meir enn gjerne er med på investeringane. – […]

Kupling og kolleksjon

Sandtorv maskinservice har bestemt seg for at det du vil ha, det skal du få i butikken deira. Til no har dei levert varene, og det har ein rettleg allsidig kvardag i Torangsvågen. Reportasje får du i denne avisa.

Nye snøggbåtruter gjev ekstra bytid

Det kan verta lunken stemning på snøggbåten til Bergen om Skyss sitt ruteforslag vert innført i neste anbodsrunde. Det vil gå verst ut over skuleelevane, som vil få opp til tre og ein halv time dødtid i Bergen. Les meir om denne saka i avisa i dag.

Hjorten får ikkje fri før jul

Hjortejakta er utvida til 23. desember, men nestleiar i Austevoll viltnemnd, Eidvin Haveland er ikkje overtydd om at denne løysinga er den beste på øyane.