M/F "Trondheim" vert liggjande lenge ved kai og på slipp ved Wärtsilä på Rubbestadneset, men i mellomtida lovar reiarlaget at dei skal få inn ny ferje. Det skjer etter planen på sundag. Foto: Kjetil Rydland.
M/F "Trondheim" vert liggjande lenge ved kai og på slipp ved Wärtsilä på Rubbestadneset, men i mellomtida lovar reiarlaget at dei skal få inn ny ferje. Det skjer etter planen på sundag. Foto: Kjetil Rydland.

FULLVERSJON: Fosen Namsos lovar B-ferje

Grunnstøytinga til M/F «Trondheim» har gjort ferjekabalen vanskeleg for FosenNamsos. Medan dei reisande har vore frustrerte, har reiarlaget funne ei ferje som kan avlasta «Fosen» inntil hovudferja er reparert.

M/F «Trondheim» vert liggjande lenge ved kai og på slipp ved Wärtsilä på Rubbestadneset, men i mellomtida lovar reiarlaget at dei skal få inn ny ferje. Det skjer etter planen på sundag. Foto: Kjetil Rydland.

Grunnstøytinga ved Krokeide for to veker sidan gjekk hardt utover ror og styremaskinen om bord i M/F «Trondheim», medan sistnemnde vert reparert, vert det vurdert om det må byggjast heilt nytt ror til den 20-årgamle ferja. Regionsdirektør Jan Kenneth Østervold i Fosen Namsos forklarar at reiarlaget arbeider med å få på plass ei ferje til sambandet, inntil Trondheim er klar.

– Eg har stor forståing for at dei reisande er frustrerte over at det ikkje går B-ferje i sambandet, men me set inn «Herlaug» i B-ruta frå sundag klokka 14:50, seier Østervold. Denne ferje har ein kapasitet på 35-40 bilar. M/F «Fosen» vil dermed halda fram med å trafikkera sambandet mellom Hufthamar og Krokeide. Ho har ein kapasitet på 105 personbileiningar, mot «Trondheim» sine 124. I tillegg har alle turane med M/F «Marstein» på 108 personbileiningar gått ut.

 

Dårleg informasjon

Karsten Eriksen er flittig brukar av ferjene til og frå Austevoll, og meiner at Fosen Namsos slett ikkje er gode nok på å informera om bortfall av ferjer, kapasitetsreduksjonar og vanskar med trafikkavviklinga.

– Sist fredag vart eg ståande i to timar etter at eg ikkje kom med ferja. At dei ikkje fekk teke unna alle bilane er noko reiarlaget burde meldt frå om via trafikkmeldingane på radio, vegtrafikksentralen eller på SMS, seier Eriksen til Marsteinen.

Reiarlaget har til no ikkje nytta seg av SMS for å melda om mindre problem som attståingar.

– «Fosen» har teke unna all trafikk, minus nokre attståande bilar i helgerushet. Når det er sagt, er det ingen dårleg idé å senda ut SMS dersom det er attståingar på sambanda, konstaterer regiondirektør Østervold overfor lokalavisa.

TrH

Foto: